Hopp til innhold
X
Innhald

Barne- og ungdomsskular i Stryn

Skulehuset i Utvik, som no er bygt om til barnehage. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulehuset i Utvik, som no er bygt om til barnehage. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første skuleordninga

Den første ordninga med folkeskule i Innvik prestegjeld vart innført på 1700-talet. Dette prestegjeldet omfatta då det landskapet som i dag er storkommunen Stryn. Prestegjeldet hadde i 1780 10 skulehaldarar, fordelt med ein i Innvik, ein i Utvik, tre i Olden, ein i Loen, to i Nedstryn og to i Oppstryn. Grendene på Nordsida låg under skulehaldarane i Utvik og Innvik. Ved kommunedelinga i 1842, då kyrkjesokna i Stryn og Loen vart skilde ut frå Innvik kommune som ein eigen Stryn kommune, fekk kvar kommune seks skulehaldarar. Dei 12 skulekrinsane på den tida var: Utvik/Tistam/Rand, Innvik, Oldedalen, Olden, Faleide, Blakset/Sølvberg, Ytreeide/Storesunde, Tonning/Bergsida/Markane, Loen/Lodalen, Strandsida (d.e. grendene på sørsida av Strynevatnet), Erdal/Flo/Fure, Hjelledalen. På det meste var det 17 skulekrinsar i Innvik og 12 i Stryn kommune, men fleire småkrinsar delte på lærarane. I krinsane langs fjorden var det vanleg at den same læraren arbeidde både i sørside- og nordsidekrinsar.

Innvik skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Innvik skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Innvik fekk første skulehuset

Langved (Langvin) krins i Innvik fekk fastskule i 1834 då sokneprest Cammermeyer og kapellanane i Innvik i fellesskap kjøpte eit hus på Klokkarbakken og gav det som skulehus til bygda.

Utvik

fekk eige skulehus i 1861. Huset vart erstatta med noverande skulebygg i 1920. I kjellaren på bygget var det plass til både snikkarfagskulen til Sølvberg og framhaldsskulen på 1950-talet.

Skulane i Markane

Sindre krins fekk skulehus i 1863. Sindre krins vart lagd ned i 1878, og skulehuset selt og flytta til Lødemel krins i Hornindal.

Faleide skule, somno er skulemuseum.

Faleide skule, somno er skulemuseum.

Faleide

fekk skulehus i 1866. Det vart bygt på Utigard der grunneigaren gav fri tomt, og var ein av dei første fastskulane i Innfjorden. Fram til 1868 måtte Faleide dele lærar med fleire mindre krinsar kring fjorden. Skulen hadde på det meste nærare 40 skuleborn. I 1928 vart skulehuset på Faleide flytta og sett opp att litt lengre vest, og fekk samstundes ei ekstra høgd. Skulen på Faleide vart lagd ned i 1967 og omgjort til lokalt skulemuséum.

Tonning skule

Tonning krins er sjølve Stryn sentrum. Tonning fekk skulehus i 1867.

Solheim ein stor krins

Nedstryn fekk eige skulehus i 1877, og her vart det plass til borna frå krinsane Ytreeide, Kyrkjeeide, Gjørven, Stauri og Sætre. Namnet var Solheim skule.

Strandsida skule.

Strandsida skule.

Strandsida

Strandsida er samlenamnet for dei fleste grendene på sørsida av Strynevatnet. Krinsane fekk det første faste skulehuset i Nesitunet i 1879. Nytt skulehus vart teke i bruk i 1939. Strandsida krins vart lagd ned i 1992 og borna flytta til Hjelle.

Brynestad

i Olden fekk skulehus i 1880 som omfatta krinsane Brynestad og Muri, og frå 1916 også Avlein krins. Skulen på Brynestad vart lagd ned og huset vart flytta til Sjøatunet i 1935.

Skulehuset på Skarstein.

Skulehuset på Skarstein.

Skarstein

skulekrins i Olden fekk skulehus på slutten av 1800-talet – årstalet er ikkje kjent. Særleg for ungane som kom heilt frå garden Ugla langt ute med fjorden, var det ein strabasiøs skuleveg opp og ned att frå Vangberg før dei nådde skulen på Skarstein. Skarstein skule vart lagd ned i 1932 og ungane flytta til Olden skule.

Oppstryn skule og barnehage på Hjelle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oppstryn skule og barnehage på Hjelle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hjelle

krins i Oppstryn fekk første skulehuset sitt i 1882. Dette låg på Vollnes, noko som gjorde at skulevegen for dei fleste ungane var farleg med skred og flaum. Det vart bygt ny skule på Hjelle i 1975. Det er også barnehage i bygget.

Rand skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rand skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rand

fekk skulehus i 1882. Byggetømmeret var henta i skogane som folket på Rand eigde i Sørmarkane. Skulehuset fekk elektrisk lys i 1928. Huset vart utvida i 1959. I 1976 flytta skulen over i nybygg på Bakkesvadet. Dette skulehuset vert også nytta som grendahus, og inneheld også barnehage.

Loen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Loen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Loen

fekk skulehus i 1883. Dette huset stod vest for Lofossen. Etter Lodalsulukka i 1936 vart huset nytta som likstove, og etter denne hendinga vart det ikkje meir nytta som skulehus. Skulen vart flytta over til ungdomshuset Heimtun og heldt til der til det nye skulebygget på Hagedalsbakken vart ferdig i 1941. I 1992 vart det bygd ny skule på Loøyra. Her er det også barnehage. Gamleskulen på Hagedalsbakken vart brend ned i ei brannøving i 1996.

Oldedalen skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oldedalen skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oldedalen

krins fekk skulehus på garden Høgalmen i 1884. I 1951 vart det bygd nytt skulehus. Skulen vart lagd ned frå og med skuleåret 2011/12 fordi elevtalet vart for lågt, og elevane vart flytta over til Olden. Men i rasfarlege periodar kan elevane likevel få undervisning i Oldedalen.

Grov

krins i Oppstryn fekk skulehus i 1885. Skulen var i drift til 1975 då elvane vart overførde til skulen på Hjelle. Skulehuset vart på 1980-talet nytta som lokale av Folven Metallstøperi.

Gamle Tenden skule.

Gamle Tenden skule.

Tenden

i Stryn fekk skulehus i 1887. Krinsen gjekk inn i den nye samlekrinsen Storsunde skule i 1976. Men dette bygget vart litt forseinka, og det gamle skulebygget på Tenden vart då mellombels nytta som klasserom for småskulen.

Bergsida

krins dekte grendene i austlege delen av Markane og sørover til Vinsrygg. Bergsida fekk skulehus på Nedreberg i 1887. Bergsida skule var i bruk til 1963 då borna vart overførde til Tonning.

Nordsida skule og barnehage på Blakset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nordsida skule og barnehage på Blakset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Blakset

vart eigen skulekrins i 1891 og fekk skulehus i 1893. Frå 1891 til 1915 gjekk ungane frå Rødberg krins – d.v.s. Robjørgane og Sætren lengst aust i bygda - på Blakset skule. I 1915 vart dei overførde til Faleide. Blakset fekk ny skule i 1961. Sidan har den fått påbygg og rom for barnehage. I 1971 fekk Blakset skule ei stor boksamling frå norskamerikanaren Peder Gald (sjå denne).

Tidlegare Erdal skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidlegare Erdal skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdal

i Oppstryn fekk skulehus i 1902. Tømmeret vart hogge på Lom og køyrt over Strynefjellet på dugnad av bygdefolket. Skulen i Erdal vart lagd ned i 1975 og borna overførde til nyeskulen på Hjelle. Erdal skulehus har sidan vorte nytta som grendahus.

Tistam

vart eigen krins i 1861 og fekk skulehus i 1904. Då vegen til Utvik kom i 1961, vart skulen i Tistam lagd ned og borna overførde til Utvik.

Skulehuset på Fjelli, bygt i 1928.

Skulehuset på Fjelli, bygt i 1928.

Fjelli

heitte først Sølvberg krins og fekk skulehus på garden Jevnlid i 1905. Før det hadde det vore omgangsskule vekselvis i hus på Sølvberg og Gald. Skuleborna som budde lengst unna, vart innlosjerte i nærleiken skulen. I 1928 vart det bygt ny skule, og leikeplass i i 1937. Huset fekk elsktrisk lys i 1951. I 1986 fekk Fjelli krins ny skule, men krinsen vart lagd ned i 1993 og borna overførde til Blakset. I 1994 brann skulehuset på Fjelli ned til grunnen.

Tidlegare Rake skule.

Tidlegare Rake skule.

Rake

fekk skulehus på Rakeneset i 1908. Denne krinsen høyrde til Innvik kommune heilt fram til den vart lagd under Stryn kommune i 1929. I 1988 vart skulen på Rake lagd ned og elevane overførde til Loen.

Flo

i Oppstryn fekk skulehus i 1908. Vegen til Flo kom i 1963, men vegen var utsett for ras. Dette var den viktigaste grunnen til at berre krinsane Veslebygda og Dispen kom med då den nye sentralskulen på Storesunde vart opna i 1976. Rasfaren gjorde at Flo fekk halde på skulen sin heilt fram til 1992, for då var Flotunnelen ferdig gjennom Flostranda.

Stor rasfare var grunnen til at Flo fekk eigen ha skule så lenge. Men også etter at Flotunnelen kom har vegen vore stengd av store snøras. Dette biletet vart teke vinteren 2007. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Stor rasfare var grunnen til at Flo fekk eigen ha skule så lenge. Men også etter at Flotunnelen kom har vegen vore stengd av store snøras. Dette biletet vart teke vinteren 2007. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Veslebygda

i Oppstryn fekk skulehus i 1910. Huset fekk elektrisk straum i 1926. I 1918 hadde skulen i alt 18 elevar, men mange hadde ein livsfarleg skuleveg på isete berg om vinteren. I 1961 vart dei eldste elevane flytta over til Solheim skule lengre vest, og då Solheim vart lagd ned i 1969, vart elevane frå Veslebygda med til Tonning skule. Då Storesunde skule vart opna i 1976, vart dei yngste elevane frå Veslebygda flytta ”tilbake” dit.

Skulehuset på Eide i Oldedalen.

Skulehuset på Eide i Oldedalen.

Eide

i Oldedalen fekk skulehus i 1911, og Eide vart sjølvstendig skulekrins frå 1917, same året som Yri gjekk saman med Sunde rkins. Skulen på Eide vart lagd ned i 1967.

Årholen skule vart lagd ned i 1935.

Årholen skule vart lagd ned i 1935.

Årholen

var ein krins for gardane Agjeld, Frøholm og Holen som ligg langs stranda mellom Olden og Utvik. Desse gardane var veglause til langt inn på 1900-talet, og skulen måtte ordnast som omgangsskule. I 1890 vart skulen for desse grendene ordna som ein eigen Holen krins. I 1917 vart det fastskule i Holen. I 1931 kom krinsen Ugla også inn under Holen. Skulen i Holen vart lagd ned i 1935 fordi det då berre var fire born att i krinsen.

Sunde ved Oldevatnet hadde skule til 1992. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunde ved Oldevatnet hadde skule til 1992. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunde

i Oldedalen vart eigen krins i 1861, men fekk ikkje skulehus før i 1924 – mykje fordi ein ikkje kunne einast om plasseringa. I 1917 vart Yri krins slegen saman med Sunde. Skulen på Sunde var lagd ned i 1992.

Bødal

i Lodalen krins fekk skulebygg i 1930. Huset vart knust av flodbylgja i september 1936. Både læraren og kona hans omkom. Lodalen vart fråflytta etter ulukka.

Olden med sentralskule

Olden sentrum fekk nytt skulebygg i 1934. Dette skulebygget står framleis, og kom til avløysing for skulehuset på Brynestad.

Tidlegare Dispen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Dispen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dispen

krins i Stryn fekk skulehus i 1935. Huset vart bygt på dugnad av bygdefolket. Kjellaren vart nytta som gymnastikksal. Elevane ved Dispen hadde eigen grønsakhage, og inntektene frå grønsaksalet vart nytta til kjøp av bøker til skuleboksamlinga. Skulen vart lagd ned i 1976 og borna flytta over til Storesunde skule.

Storesunde skule.

Storesunde skule.

Storesunde

er namnet på krinsen som no omfattar dei fleste bygdelaga langs nordsida og nedste delen av Strynevatnet. Etter krinsrøysting i 1971 mellom namnealternativa Mindresunde og Storesunde som krinsnamn, fekk Storesunde fleirtal. Skulebygget stod ferdig i 1976. I 2013 vedtok Stryn kommunestyre å legge ned Storesunde som sjølvstendig skule. Skulebygget skal i staden brukast som bufferskule for Tonning skule.

Niårig ungdomsskule frå 1957

Stryn starta niårig skule i 195. Stryn var ein av dei første kommunane i landet som innførde den nye skuleordninga. Skulen vart bygd på Bø, der tyskarane tidlegare hadde hatt ein militærleir. Bygget vart teke i bruk i 1957. Dei første 12 åra vart skulen kalla Stryn linedelte skule, der ei line var såkalla gymnasførebuande og ei anna line var yrkesskuleførebuande. Linedelinga eksisterte fram til 1968, då ein gjekk bort frå denne delingsforma, og skulen vart no Stryn Ungdomsskule. I 1995 fekk skulen bygd til ein ny fløy.

Stryn Ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.04.2013