Hopp til innhold
X
Innhald

Bombetragedien med «Store Bill»

Store Bill. Ukjend fotograf. Eigar: Firda Canning.

Store Bill. Ukjend fotograf. Eigar: Firda Canning.

Torleif Emil Johnsen var mellom dei som omkom i Honningsvåg 22. juli 1942.

Torleif Emil Johnsen var mellom dei som omkom i Honningsvåg 22. juli 1942.

Fem nordfjordingar – fire frå Vågsøy og ein frå Innvik – vart drepne då frakteskuta «Store Bill» frå Måløy vart bomba av russiske fly på hamna i Honningsvåg i Finnmark den 22. juli 1942.

Båten var rekvirert for fraktefart i Nord-Noreg av krigsordninga «Fiskeinnkjøp», og vart utsett for bombeåtaket i samband med at tyske krigsskip og ammunisjonslekterar hadde søkt hamn i Honningsvåg.

Dei fem omkomne var:

  • Fiskeskipper Kristoffer Olai Svoren fødd 1899, Innvik.
  • Stuert Torleif Emil Johnsen, fødd 1917, Sør-Vågsøy.
  • Skipper Bernhard Samson Skavøpold, fødd 1904, Sør-Vågsøy.
  • Maskinist Herloff Strand, fødd 1919, Sør-Vågsøy.
  • Maskinist Sigurd Ytrebø, fødd 1909, Sør-Vågsøy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.01.2013