Hopp til innhold
X
Innhald

Britannia Hotel

Tidlegare Britannia Hotel i Utvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Britannia Hotel i Utvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Britannia Hotel i vegkrysset i Utvik sentrum vart bygd på den gamle handels- og ferjestaden i 1890. Det var Johan Loen som då kjøpte eigedomen av Jacob Neumann Hammer og bygde hotell.

Hotellet vart i nokre år på 1970-1980-talet drive under namnet Gjestgivergården av Dorothy og Bjørn Blindheim. Bjørn Blindheim var på den tida også reiselivssjef i Stryn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.01.2010