Hopp til innhold
X
Innhald

Den 2. mars 1885

Garden Raudi ved Lovatnet (midt på biletet) vart fråflytta etter eit stort steinskred i 1885.  Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Garden Raudi ved Lovatnet (midt på biletet) vart fråflytta etter eit stort steinskred i 1885. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den 2. mars rasa Kvitehammaren over garden Raudi ved Loenvatnet ut.

Ei enorm steinblokk fór gjennom tunet og råka ei kjempeblokk på 18 x 8 meter som låg der frå eit tidlegare ras. Steinblokka frå fjellet bykste over stova, men flytta på den gamle «Storesteinen» som dermed knuste løa og slo stova skeiv. Steinspruten gjorde stor skade. Ei eldre kvinne vart drepen, og fleire andre på garden vart sterkt skadde. Åtte kyr og 50 sauer vart slegne i hel. Folket flytta frå bruket etter denne ulukka.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018