Hopp til innhold
X
Innhald

Den første skuleordninga

Den første ordninga med folkeskule i Innvik prestegjeld vart innført på 1700-talet. Dette prestegjeldet omfatta då det landskapet som i dag er storkommunen Stryn. Prestegjeldet hadde i 1780 10 skulehaldarar, fordelt med ein i Innvik, ein i Utvik, tre i Olden, ein i Loen, to i Nedstryn og to i Oppstryn. Grendene på Nordsida låg under skulehaldarane i Utvik og Innvik.

Ved kommunedelinga i 1842, då kyrkjesokna i Stryn og Loen vart skilde ut frå Innvik kommune som ein eigen Stryn kommune, fekk kvar kommune seks skulehaldarar.

Dei 12 skulekrinsane på den tida var: Utvik/Tistam/Rand, Innvik, Oldedalen, Olden, Faleide, Blakset/Sølvberg, Ytreeide/Storesunde, Tonning/Bergsida/Markane, Loen/Lodalen, Strandsida (d.e. grendene på sørsida av Strynevatnet), Erdal/Flo/Fure, Hjelledalen.

På det meste var det 17 skulekrinsar i Innvik og 12 i Stryn kommune, men småkrinsane var delte på lærarane. I krinsane langs fjorden var det vanleg at den same læraren arbeidde både i sørside- og nordsidekrinsar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2010