Hopp til innhold
X
Innhald

Den store pesten 1655

I åra 1664 og 1665 herja ein stygg pest som vart kalla «blodsotta» i indre Nordfjord. På garden Hopland vert det fortalt at det julaftan 1654 berre rauk frå tre av dei i alt 10-11 stovene i det store tunet.

I sju-åtte stover var alle døydde eller låg døyande. I Innitun på Hopland døydde så mange på same tid at dei vart lagde i ei massgrav på den staden der Hoplands-kyrkja står i dag.

Ikkje hjelp i å gøyme seg

Ei segn fortel at ein Hopland-mann var så redd pesten at han smurde heile kroppen inn med tjære og gøymde seg på naustlemmen. Likevel kom «Pesta» på vitjing og bad om skyss over fjorden til Innvik. Som rorskar-løn skulle mannen få den æra å døy i sin eigen høgsetebenk, lova Pesta. Mannen rodde Pesta over fjorden, vart sjuk på heimvegen, og døydde – slik Pesta hadde lova – sitjande i sin eigen høgsetebenk på Hopland.

Ny sott i 1791

Presterapportar frå same tid fortel at over 80 døydde av pesten i Gloppen, der det særleg gjekk ut over seks-sju gardstun i Breim. Lengre ut med fjorden døydde ni menneske på Isane og fem på Stårheim. I 1791 herja på nytt «blodsotta» i Stryn. På Rygg i Oppstryn døydde sju menneske av sjukdomen. Mor og to vaksne døtre vart gravlagde same dagen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018