Hopp til innhold
X
Innhald

Den vesle istida

Briksdalsbréen i 2006. I den vesle istida var bréarmane langt meir nærgåande og skapte store problem for dei som budde i dalane under bréfalla. Foto: Torje Bjellaas, NRK

Briksdalsbréen i 2006. I den vesle istida var bréarmane langt meir nærgåande og skapte store problem for dei som budde i dalane under bréfalla. Foto: Torje Bjellaas, NRK

Den vesle istida vart tida frå slutten av 1600-talet og fram mot 1800 kalla. Middeltemperaturen i Noreg fall dramatisk, og armane på Jostedalsbreen skaut mange kilometer frametter dalane. Bøndene i fjelldalane miste fjellbeite og sætrar, og elvar og snøskred tok nye far over eng og åker.

Is ned på åkeren

På Tungøen i Oldedalen seig isbreen heilt ned på åkeren, og mange bønder måtte tigge seg til maten elles i bygda. Også husa vart i 1742 sopte på elva av isras og flaum, og alle på garden med unntak av to personar strauk med.

Bondehøvdingen som fraus ihel

Hugleik Tungøen vart særleg ille faren: Snøskred og isras hadde øydelagt mykje av jorda, og i 1695 brann alle husa på garden. Saman med grannen Ola Kvamme drog han i 1702 avgarde for å klage si naud til Kongen i København.

Han gjorde seinare reiser til Oslo i liknande ærend. Under heimreis frå Oslo kom han i 1706 ut for uver i Sværeskaret i Balestrand og fraus ihjel.

Minnestøtta over Hugleik Tungøen i Oldedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Minnestøtta over Hugleik Tungøen i Oldedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Minnestøtter

Både i Sværeskaret og i Oldedalen er det reist minnestøtter over Hugleik Tungøen.

På minneplata i Oldedalen står det (sjå biletet): «I strid for eit bondesamfunn som var utarma av naturulukker, uår og store ytingar til jorddrott, var Hugleik Tungøen bøndene sin førar, rådgjevar og fremste sendemann til Kongen i København og til hans ombodsmenn i Kristiania og Bergen. Under ei av desse ferdene sette han live til i Sværeskaret 8 dagar føre jul året 1706. I takksemd vart dette minne reist året 1966.»

Les også:

Minnesteinen over Hugleik Tungøen i Sværeskaret i Balestrand, der han omkom på veg heim frå København. Personane på biletet er Anders Skåsheim (t.v.) og Tor Eide. Ukjend fotograf.

Minnesteinen over Hugleik Tungøen i Sværeskaret i Balestrand, der han omkom på veg heim frå København. Personane på biletet er Anders Skåsheim (t.v.) og Tor Eide. Ukjend fotograf.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.03.2011