Hopp til innhold
X
Innhald

Dørfabrikanten Dooria AS

Dooria Utvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dooria Utvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den største dørprodusenten i Nord-Europa heiter Dooria og har sitt utspring i den vesle Nordfjord-bygda Utvik. Dooria har fabrikkar fleire stadar i Skandinavia og Storbritannia, og i 2008 tok konsernet i bruk ein ny, stor fabrikk i Årdal. Men det var i Utvik det heile starta i 1947, og derifrå vart konsernet leia fram til 2010.

Moelven Bruk sin fabrikk i Utvik i 1955. © Johan Ottesens arkiv.

Moelven Bruk sin fabrikk i Utvik i 1955. © Johan Ottesens arkiv.

Moelven Bruk frå starten

Den første fabrikken vart starta i Utvik i 1947 under namnet Moelven Bruk, Vestlands-avdelinga. Moelven Bruk har sitt hovudsete i Brumunddal. Første planen var å leggje fabrikken til Stryn, men der kunne ein ikkje garantere nok elektrisk kraft. Det kunne utvikarane – frå to småkraftverk i Utvik og på Tistam. I stranda mellom Utvik og Tistam vart det bygd ein etter den tids målestokk stor trevarefabrikk som vart den største arbeidsplassen i denne delen av kommunen.

Frå vindauge til dører

Frå vindauge til dører

Frå starten og fram til 1980 bygde bedrifta seg opp til å bli ein av landets største produsentar av vindauge, men har sidan spesialisert seg på dørproduksjon.

Berga frå konkurs av bygdefolket

I 1984 skifta fabrikken namn til Fjordtre A/S. På slutten i 1980-talet fekk Fjordtre økonomiske vanskar, og Brumunddal-firmaet trekte seg ut. Utvikaren Ola A. Valaker fekk då bygdefolket med på å teikne sksjar i eit nytt selskap som kunne drive dørfabrikken vidare under namnet Fjordtre Produkter A/S. Under leiing av adm. dir. Arnt Hovland frå Sogndal har Fjordtre utvikla seg til å bli ein av Skandinavias største dørprodusentar.

Oppkjøp i utlandet

I 1997 starta Fjordtre Produkter oppkjøp av dørfabrikkar i utlandet, først i Sverige og Skottland, og seinare i Finland og Danmark.

Dooria Årdal på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dooria Årdal på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dooria AS

I 2002 bytte konsernet namn til Dooria AS. I 2005 kjøpte Dooria tre svenske dørfabrikkar. Dooria hadde ein marknadsandel på 20 prosent i Noreg og 30 prosent i Sverige før dei siste oppkjøpa, ei årsomsetning på 450 millonar kroner og til saman 340 tilsette. Fabrikken i Utvik hadde i 2007 kring 65 tilsette og ei årsomsetning i 2006 på over 152 millionar kroner.

Mange pent kledde ved opninga av Dooria Årdal. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Mange pent kledde ved opninga av Dooria Årdal. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Årdalsmusikarane Håkon Høgemo og Karl Seglem spela under opninga. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Årdalsmusikarane Håkon Høgemo og Karl Seglem spela under opninga. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Dørfabrikk i Årdal

I 2005 vedtok Dooria AS å investere 25 millionar kroner i ein ny dørfabrikk på 8000 kvadratmeter i Bukkhaugdalen på Årdalstangen i Årdal kommune. Fabrikken fekk kring 60 arbeidsplassar frå starten i 2007. Fabrikken går inn som ein viktig lekk i arbeidet med å skaffe nye arbeidsplassar i Årdal etter kvart som Hydro trappar ned aluminiumproduksjonen ved Årdal Verk. SIVA står for reising og som eigar av industribygget i Årdal. Utleigebygget kostar 60 millionar kroner, og Innovasjon Norge gjev Dooria-fabrikken til saman 43 millionar kroner i lån og utviklingstilskot. Også Hydro støttar prosjektet økonomisk.

Nye eigarar og nedtrapping i Utvik

I 2010 kom Credo Partners inn som eigar i Dooria etter ei kapitalutviding på 60 millionar kroner. Credo Partners eig då 51 prosent av aksjane. Dooria hadde då til saman 316 tilsette og ei omsetning i 2009 på 477 millionar kroner. Men økonomisk sleit selskapet, og den nye fabrikken i Årdal gjekk i 2009 med eit underskot på vel 32 millionar kroner. Fram til 2010 sat leiinga for Dooria i Utvik, men i samband med skifte av konsernsjef vart toppstillinga plassert i Oslo. I 2011 vart kundesenteret flytta frå Utvik til Oslo.

Nedskjeringar i Utvik

Talet på tilsette ved Dooria Utvik vart redusert med 18 frå august 2010 til våren 2011. I mars 2011 vedtok styret i Dooria AS å kutte ut all produksjon av furudører i Utvik. Det som då vart att er produksjon av ytterdører, talet på tilsette vart etter dette ti.

Slutt etter 64 år

I juli 2011 vart Dooria Årdal slegen konkurs, og det vart slutt på dørproduksjonen på Årdalstangen. Fabrikken vart ikkje nokon økonomisk suksess trass i den gode starthjelpa og fekk berre fire års drift. 30 tilsette miste arbeidet. Ei veke seinare kom meldinga om at det og var slutt på dørproduksjonen i Utvik. Der var det då att 12 tilsette. Den siste døra i Utvik vart produsert i oktober 2011.

Over til betong

I 2012 kjøpte Stryn Betongelement AS Dooria-eigedomen. Planen er å rive produksjonshallane og byggje nytt, medan dei kjem til å nytte administrasjonsbygget.

Fabrikken til Dooria ligg fint til ved fjorden i Utvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fabrikken til Dooria ligg fint til ved fjorden i Utvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.04.2014