Hopp til innhold
X
Innhald

Driftevegane austover frå Stryn

Ei fedrift på Erdal seter med Jostedalsbréen i bakgrunnen.

Ei fedrift på Erdal seter med Jostedalsbréen i bakgrunnen.

Både over Strynefjellet og Kamperhamrane mot Ottadalen og over Hostedalsbréen mot Sogn gjekk det fédrifter i gamle dagar.

Det var storfé og hestar som for det meste vart kjøpt opp på Vestlandet og drive til Austlandet for sal. Tyngda av féhandlarane som opererte i Fjordane og på Møre, kom frå Sogn, men også i nordfjordbygdene finn vi fleire som deltok i denne handelen. Når fédriftene var komne over til gudbrandsdalssida, var det vanlegaste at dei heldt fram gjennom Ottadalen – særleg etter at Gudbrandsdalsbana vart opna fram til Otta i 1886.

Erdalen med garden Greidung. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdalen med garden Greidung. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein del fédrifter heldt også fram over Sognefjellet til Øvre Årdal og derifrå mot Austlandet. Fédrifter gjekk også over Jostedalsbréen til Jostedalen i Sogn. Når fédriftene reiste gjennom Strynedalen, overnatta driftekarane med buskapen sin på garden Åning i Oppstryn, eller på stølen ved Greidung før dei gav seg i kast med bréen. Ferda over Jostedalsbréen gjekk helst om natta fordi snøen var fastare då enn i solskinet om dagen. Driftekarane hadde med seg lette kjelkar som dei kunne berge dyr med dersom dei trakka gjennom bréen og øydela seg. Siste drifta frå Greidung til Fåbergstølen gjekk i 1920.

Flofjellet

Flofjellet er den kortaste passasjen mellom Flo i Oppstryn og garden Vollset i Frøysadalen i Sunnylven. Dei første åra då Stryn var eigen kommune, høyrde til og med dei øvste gardane i Frøysadalen til Stryn kommune. I gamle dagar gjekk det ein drifteveg over Flofjellet, og også i seinare tid har folk kasta fram tanken om å byggje eit vegsamband på dei få kilometrane over Flofjellet.

Flo med Flofjellet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flo med Flofjellet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.03.2011