Hopp til innhold
X
Innhald

Eksersis og offiserar i Loen

På dette måleriet ser vi korleis det såg ut i Loen før 1900.

På dette måleriet ser vi korleis det såg ut i Loen før 1900.

Tidleg på 1700-talet vart også Loøyra i Loen nytta som eksersisplass for kompaniet.

Dette hadde samanheng med at fleire av offiserane på den tida budde i Loen. Ei segn fortel at ein ung løytnant under eit nattleg drikkelag gjorde eit veddemål om at han kunne hente bibelen frå altaret i Loen-kyrkja. Han gjorde som tenkt, men då han skulle svinge seg over kyrkjegarden på veg utatt, vart han spidda av ein spiss staur slik at han miste livet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011