Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Bolstad

(1809–ca. 1855). Frå Oppstryn, busett i Bergen. Lærar og jurist.

Var lærar i Bergen før han vart cand. jur. i 1840 og tilsett på bispekontoret. Skreiv prologen som Ole Bull las ved opninga av Den Nationale Scene i Bergen i 1852. Han omsette elles Ernst Schulzes ”Den fortryllede rose” i 1849.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008