Hopp til innhold
X
Innhald

Falne og omkomne frå Stryn

Minnesmerke over Einar Elias Djuvstein frå Innvik som omkom i eit skipsforlis på Hustadvika i 1944.

Minnesmerke over Einar Elias Djuvstein frå Innvik som omkom i eit skipsforlis på Hustadvika i 1944.

Falne og omkomne frå Stryn under 2. verdskrig.

  • Anton Egge (1896–1945) frå Stryn. Handelsreisande og motstandsmann.
  • Kristoffer Olai Svoren (1899–1942) frå Askvoll, busett i Innvik. Fiskeskipper – Sjå Askvoll kommune.
  • Einar Elias Djuvstein (1901–1944) frå Innvik. Lege og lungespesialist.
  • Martin Flo (1912–1942) frå Stryn. Handverkslærar og soldat.
  • Kolbjørn Bolstad (1913–1944) frå Stryn. Vegarbeidar og soldat.
  • Per Faleide (1917–1940) frå Innvik. Dampskipsekspeditør, sagbruksarbeidar, sjåfør og soldat.
  • Bergfinn Malvin Berge (1918–1940) frå Stryn. Fyrbøtar og krigsseglar.
  • Johan A. Berge (1918–1940) Gardsarbeidar og soldat.
  • Johannes Sæten (1920–1946) frå Stryn. Fyrbøtar og krigsseglar.
  • Ivar Johan Felde (1927–1943) frå Innvik. Dekksgut og krigsseglar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011