Hopp til innhold
X
Innhald

Filminnspelingar i Stryn

Det er ikkje rart at filmprodusentar vel å spele inn filmar i den vakre naturen i Stryn. Dette biletet er frå Lodalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det er ikkje rart at filmprodusentar vel å spele inn filmar i den vakre naturen i Stryn. Dette biletet er frå Lodalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den vakre naturen i indre Nordfjord har ved fleire høve vore råma kring norske og utanlandske filminnspelingar.

Den vakre naturen i indre Nordfjord har ved fleire høve vore råma kring norske og utanlandske filminnspelingar.

«Jørund Smed»

Etter andre verdskrigen vart det filma nokre scener på garden Breng i Stryn til filmen «Jørund Smed». Filmen hadde premiere i 1948.

«Gjest Baardsen»

Alfred Maurstad (1896-1967) spela hovudrollen i filmsuksessen «Gjest Baardsen» i 1939. Viktige fjellscener vart tekne opp på Tystigbreen på Strynefjellet, der Maurstad sette utfor med Vibeke Falk på ryggen. Elles vart det gjort opptak til denne filmen på Turtagrø på Sognefjellet og på garden Fuhr i Luster (sjå Historia i Luster).

Svenske Christina Schollin og Toralv Maurstad under innspelinga av ”Song of Norway” i Olden.

Svenske Christina Schollin og Toralv Maurstad under innspelinga av ”Song of Norway” i Olden.

Svenske Christina Schollin og Toralv Maurstad under innspelinga av ”Song of Norway” i Olden.

«Og bakom synger skogene»

Trygve Gulbrandsens suksessbok «Og bakom synger skogene» vart filmatisert av eit austerriksk produksjonsselskap i 1959. Her vart det filma sentrale scener i Briksdalen, Kvame i Oldedalen og på Strynefjellet.

«Song of Norway»

Toralv Maurstad (fødd 1926) spela i 1969 hovudrolla som Edvard Grieg i Hollywood-musikalen «Song of Norway». Dei fleste utescenene til filmen vart spela inn i Olden. Den kvinnelege hovudrolla hadde svenske Christina Schollin. Andre innspelingsstader var Strynefjellet, Geiranger og Gudvangen.

I tillegg til spelefilmar har både reklame- og musikkvideoar vore spela inn i naturen i Stryn.

Les og om: Film-vikingar i Finden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011