Hopp til innhold
X
Innhald

Fjelli Samvirkelag

Coop Marked Fjelli. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Marked Fjelli. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjelli Samvirkelag vart starta som eit innkjøpslag for jordbruksvarer for bøndene på Fjelli i 1946. Omsetninga det første året var 72.000 kroner.

Dei første åra leigde lokale ungdomshuset, men bygde eige bygg i 1949. Dette har vorte utvida stegvis fram til siste byggesteg på 1990-talet.

Tidleg på 1960-talet bygde laget butikk og starta landhandel i tillegg. I dag heiter forretninga Coop Marked Fjelli og er eit sjølvstendig samyrkelag som står utanfor den store eininga Coop Vestland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.01.2010