Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordtre Produkter A/S

Fjordtre Produkter A/S i Utvik vart grunnlagt i 1947 under namnet Moelven Bruk, Vestlands-avdelinga.

Fjordtre Produkter A/S i Utvik vart grunnlagt i 1947 under namnet Moelven Bruk, Vestlands-avdelinga.

Frå vindauge til dører

Moelven Bruk har sitt hovudsete i Brumunddal. Første planen var å leggje fabrikken til Stryn, men der kunne ein ikkje garantere nok elektrisk kraft. Det kunne utvikarane – frå to småkraftverk i Utvik og på Tistam. I stranda mellom Utvik og Tistam vart det bygd ein etter den tids målestokk stor trevarefabrikk som vart den største arbeidsplassen i denne delen av kommunen.

Frå vindauge til dører

Frå starten og fram til 1980 bygde bedrifta seg opp til å bli ein av landets største produsentar av vindauge, men har sidan spesialisert seg på dørproduksjon.

Berga frå konkurs av bygdefolket

I 1984 skifta fabrikken namn til Fjordtre A/S. På slutten i 1980-talet fekk Fjordtre økonomiske vanskar, og Brumunddal-firmaet trekte seg ut. Utvikaren Ola A. Valaker fekk då bygdefolket med på å teikne sksjar i eit nytt selskap som kunne drive dørfabrikken vidare under namnet Fjordtre Produkter A/S. Under leiing av adm. dir. Arnt Hovland frå Sogndal har Fjordtre utvikla seg til å bli ein av Skandinavias største dørprodusentar.

Oppkjøp i utlandet

I 1997 starta Fjordtre Produkter oppkjøp av dørfabrikkar i utlandet, først i Sverige og Skottland, og seinare i Finland og Danmark.

Dooria AS

I 2002 bytte konsernet namn til Dooria AS. I 2005 kjøpte Dooria tre svenske dørfabrikkar. Dooria hadde ein marknadsandel på 20 prosent i Noreg og 30 prosent i Sverige før dei siste oppkjøpa, ei årsomsetning på 450 millonar kroner og tilsaman 340 tilsette.

Dørfabrikk i Årdal

I 2005 vedtok Dooria AS å investere 25 millionar kroner i ein ny dørfabrikk på 8000 kvadratmeter i Bukkhaugdalen på Årdalstangen i Årdal kommune. Fabrikken fekk kring 60 arbeidsplassar frå starten i 2007. Fabrikken går inn som ein viktig lekk i arbeidet med å skaffe nye arbeidsplassar i Årdal etter kvart som Hydro trappar ned aluminiumproduksjonen ved Årdal Verk. SIVA står for reising og som eigar av industribygget i Årdal. Utleigebygget kostar 60 millionar kroner, og Innovasjon Norge gjev Dooria-fabrikken til saman 43 millionar kroner i lån og utviklingstilskot. Også Hydro støttar prosjektet økonomisk.

Nye eigarar

I 2010 kom Credo Partners inn som eigar i Dooria etter ei kapitalutviding på 60 millionar kroner. Credo Partners eig då 51 prosent av aksjane. Dooria hadde då til saman 316 tilsette og ei omsetning i 2009 på 477 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.05.2010