Hopp til innhold
X
Innhald

Fornfunn i Stryn

Jernreiskapar funne på Grov i Oppstryn. Foto:Arild Nybø, NRK.

Jernreiskapar funne på Grov i Oppstryn. Foto:Arild Nybø, NRK.

Steinalderen

Steinalderøkser funne i Loen og på Muri i Olden viser at det har budd folk i Indre Nordfjord for over 6000 år sidan.

Bronsealderen

Frå bronsealderen ligg det store røyser m.a. på Bruland i Utvik, Sølvberg på Nordsida, Hildaneset i Innvik, og Rake i Loen.

Plogskjer funne på Grov i Oppstryn. Foto: Arild Nybø, NRK.

Plogskjer funne på Grov i Oppstryn. Foto: Arild Nybø, NRK.

Strynedalen var tidleg busett

I den yngre jernalderen 500 f.Kr.-550 e. Kr. var busetnaden i Nordfjord i hovudsak konsentrert til Gloppen og i Strynedalen. Gravfunn og avdekking av gardstun viser at det budde mektige og velståande slekter i desse landskapa på den tida, medan Eid kom sterkare inn som dominerande sete for mektige rikfolk i den yngre jernalderen, frå 550-1050 e.Kr. På gardane Ytreeide, Kyrkjeide og Øvreeide i Stryn er det funne fleire gravhaugar og graver som ligg under flat mark. Mest alle skriv seg frå eldre og yngre jernalder, 550-1050 e. Kr. I alle desse gravene er det gjort rike funn som viser at dette området har vore ein sentral stad i indre Nordfjord. I to kvinnegraver på Kyrkjeeide fann ein m.a. forseggjorde hengesmykke, glasperler og spor etter tannemalje. Også på garden Bø i Stryn er det funne fleire graver frå same periode. Utgravingar i 2010 avdekte ei stolperekke som syner at det stod eit naust på 22 gonger 10 meter ved Stryneelva på Bø. Dette tyder på at det var ein storgard der i vikingtida, kanskje så tidleg som 500 e. Kr.

I Loen er det funne fem gravhaugar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Mindresunde er det funne eit gravfelt med fem graver, minst tre haugar, ein langhaug og ei grav under flat mark. Også her er dateringa for dei fleste gravene eldre jernalder, men to er frå yngre jernalder. I ein av haugane der det var reist ein stein på toppen, vart det funne ei ubrend kvinnegrav. Kvinna var av høg byrd, for ho hadde m.a. fått med seg ei irsk ringnål, 50 glasperler, to ovale spenner, rav og mosaikk og ein del kvinnereiskapar i grava. I Oppstryn viser ei mengd gravfunn at det har budd velståande folk i vikingtida. Gravene ligg på Glomnes, Hjelle, Folven og Guddal. I ein av gravhaugane i Guddal var grava forma som ein kopi av ei båtgrav. Den inneheldt m.a. fire brosjer, to tynne gullringar og 13 vakre glasperler foruten husreiskapar og rideutstyr. I ei kvinnegrav på Folven vart det m.a. funne ovale spenner og eit irsk bronsebeslag.

I Loen er det funne fem gravhaugar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Loen er det funne fem gravhaugar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stormannsgard i Loen frå jernalderen

I Loen låg det tidlegare fem gravhaugar frå yngre jernalder ovanfor den såkalla Tiendebusteinen. I bygda er det elles funne både kvinne- og mannsgraver frå yngre jernalder og vikingtida. I 2009 vart det grave ut tufter etter ein storgard frå eldre jernalder (500 f.Kr.-550 e.Kr.)ved Loen Kyrkje. Også på gardane Breng, Hogrenning og Bødalen kring Loenvatnet er det gjort gravfunn frå yngre merovingartid og yngre jernalder. I Olden er det gjort ei mengd gravfunn frå jernalderen på gardane Skarstein, Beinnes, Muri, Eide og Storesunde.

På garden Hilde (lengst til høgre i biletet) er det gjort rike funn frå yngre jernalder. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På garden Hilde (lengst til høgre i biletet) er det gjort rike funn frå yngre jernalder. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rike vikingfunn i Innvik

Frå vikingtida skriv eitt av dei rikaste funna seg frå ei branngrav etter I Innvik er dei rikaste funna frå yngre jernalder gjort på garden Hilde. Her skal det ha vore opptil 17 gravhaugar og graver. Eitt av funna på Hilde kan tyde på at ein mann og ei kvinne vart hauglagde i same grava. Frå vikingtida skriv eitt av dei rikaste funna seg frå ei branngrav etter ei kvinne som døydde på 900-talet. Ho vart gravlagd med kostelege smykke og fullt kjøkkenutstyr, og ein jernring med påhengde amulettar som symboliserer hammaren til den norrøne guden Tor. Tidleg på 1800-talet fann ein m.a. franske sølvmyntar i ei grav på Lyslo i Innvik. Denne skreiv seg og frå vikingtida. Også på Langvin og Skåden er det gjort gravfunn.

Volva i Innvik

Like aust for kyrkja i Innvik låg det ein gong i tida to gravhaugar. I haugane vart det gjort rike funn. Ein av gjenstandane såg ut som eit steikespyd, men er tolka til å vere ein volvestav, d.v.s. eit kvinneleg kultsymbol. Volvene var gjerne eldre kvinner som etter tradisjonen skulle vere synske. Dei kunne sjå både bakover og og framover i tida og hadde religiøs innverknad i det gamle jernaldersamfunnet.

Kårstadsteinen. © Fotoarkivet, Bergen Museum.

Kårstadsteinen. © Fotoarkivet, Bergen Museum.

Kårstadsteinen

På Kårstad mellom Innvik og Utvik er det funne ei stor helleristing frå 200-300 e. Kr. Den viser m.a. bilete av åtte skip, det tradisjonelle hakekorset, og eldre runeskrift. Ristinga vart sprengd sund ved vegbygging, og er no stilt ut i hagen ved Bergen Museum. Runene fortel om to menn frå bygda som hadde budd lenge i utlandet – den eine truleg i Bøhmen. Steinen er eit av dei viktigaste dokumenta i norsk historie frå denne epoken.

Mystisk steinhelle

På Kyrkjeeide i Stryn vart det i 1886 funne ei steinhelle med mystiske teikn og figurar. Fleire ekspertar meiner teikna liknar på symbol som ein finn på monument i Skottland frå 700-talet. Ein meiner at teikna på Stryn-steinen kan vere eit prov på at kristendomen hadde slått rot i Nordfjord ca. 300 år tidlegare enn den offisielt vart innført i Noreg.

Steinalderbuplass på Bø

I 2009 vart det gjort eit oppsiktsvekkjande funn på Bø like ved Stryn sentrum. Det var avdekka ein steinalderbuplass, og dette er første gongen det er funne ein slik buplass så langt inne i fylket.

Fornfunn på Bø i Stryn i 2010. Foto: Gaute Bøyum, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fornfunn på Bø i Stryn i 2010. Foto: Gaute Bøyum, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tingstad aust for Stryn sentrum?

Utgravingar i samband med vegarbeid aust for Stryn sentrum i 2012 gav funn som tyder på at det var ein tingstad der frå 400-talet. Det er mellom anna funne to store båtnaust og restar av bygningar rundt ein liten haug med bauta på.

Her aust for Stryn sentrum har det vore eit naust. Dei kvite stolpane markerer dei utgravne stolpane frå nausta. Dette naustet er truleg frå 450 e. Kr. Foto: Søren Diinhoff.

Her aust for Stryn sentrum har det vore eit naust. Dei kvite stolpane markerer dei utgravne stolpane frå nausta. Dette naustet er truleg frå 450 e. Kr. Foto: Søren Diinhoff.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2012