Hopp til innhold
X
Innhald

Første kraftverket i Sogn og Fjordane

Den første kraftstasjonen i Sogn og Fjordane, bygd av Truls Rasmussen Vassenden i Loen.

Den første kraftstasjonen i Sogn og Fjordane, bygd av Truls Rasmussen Vassenden i Loen.

Truls Rasmussen Vassenden frå Loen var den første som bygde kraftverk i Sogn og Fjordane. Han hadde vore i England og lært, og i 1893 installerte han ein liten turbin i Loenelva slik at han hadde kraft til 10 lyspærer i snikkarverkstaden sin vede Lofossen.

Truleg vart denne første generatoren frå Loen kjøpt og flytta til Utvik, der ein seinare har funne att restar etter dette klenodiet frå pionértida for elektrisk kraft her i fylket.

Om lag samstundes med Truls Rasmussen vart det også starta eit lite kraftverk ved Dyrneslielva i Vadheim, men mest truleg var Rasmussen først ute.

I 1899 sikra fossekjøparen Johan Gran seg fallrettane i Lofossen i Loenelva, men selde dei att fire år seinare til Helge Loen.

Det er også mykje som tyder på at det i 1898 var på tale å nytte ei elv ved garden Vik i Stryn til kraftproduksjon. Då kjøpte ingeniør Kristoffer H. H. Lund både vassfallet og og ei tomt ved elva. Men prosjektet vart lagt til side og vassretten seld til fargaren Jakob Starheim i 1913.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011