Hopp til innhold
X
Innhald

Fotballeventyret Flo

Tore André Flo har sendt i veg skotet som snudde VM-kampen mot Brasil i 1998, eitt av høgdepunkta i norsk fotball.

Tore André Flo har sendt i veg skotet som snudde VM-kampen mot Brasil i 1998, eitt av høgdepunkta i norsk fotball.

Knapt nokon norsk idrettsfamilie har sett djupare merke etter seg i norsk toppfotball enn Flo-familien frå Stryn. På slutten av 1900-talet voks det fram eit sterkt fotballmiljø i Stryn, og fleire stryningar har sidan spela i norske toppklubbar og som profesjonelle i utlandet.

Best kjende er Flo-gutane som markerte seg i norsk toppfotball på 1990-talet. Først ut var Jostein Flo, deretter broren Tore André Flo og syskenbarnet Håvard Flo.

Håvard Flo spela fotball på høgt nivå til han var 40 år. Her er han frampå i ein kamp for Sogndal mot Bryne. I bakgrunnen ein annan Sogndalspelar frå Stryn kommune, Mats Solheim. Foto: Sander Heggheim, NRK.

Håvard Flo spela fotball på høgt nivå til han var 40 år. Her er han frampå i ein kamp for Sogndal mot Bryne. I bakgrunnen ein annan Sogndalspelar frå Stryn kommune, Mats Solheim. Foto: Sander Heggheim, NRK.

Alle tre var på landslaget i glansperioden under trenar Egil Drillo Olsen. Den gongen var det norske landlaget rangert mellom dei aller beste i verda, og kom seg til sluttspelet i VM i 1998 med både Tore André og Jostein på laget.Tore André fekk fotballdraumen oppfylt med å score mot Brasil i VM-turneringa i 1998. Flo-karane tok i 1999 initiativet til «Flo Fotballskule» for unge fotballtalent i Stryn.

Elles har Kjell Rune Flo (bror til Jostein og Tore André), Steinar Tenden, Asbjørn Tenden og Eivind Karlsbakk gjort det godt som fotballproffar i norsk eliteserie og utanlands (sjå Kjende personar i Stryn).

Per Egil Flo i kamp for det norske U19-landslaget. Foto: Terje Bendikby, Scanpix.

Per Egil Flo i kamp for det norske U19-landslaget. Foto: Terje Bendikby, Scanpix.

Seinare har ein ny generasjon Flo gjort sine saker bra på Sogndal og på aldersfastlagde landslag. Per Egil Flo (brorson av Håvard Flo) og Ulrik Flo (son til Kjell Rune Flo) var sentrale då Sogndal kvalifiserte seg for Tippeligaen i 2010. Seinare gjekk Per Egil til Molde, der han vart cupmeister i 2013 og både serie- og cupmeister i 2014. Same året debuterte han også på A-landslaget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015