Hopp til innhold
X
Innhald

Fruktdyrkinga

Frukthage på Rake. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frukthage på Rake. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Heilt frå 1700-talet har det vorte dyrka frukt i Nordfjord. På slutten av 1700-talet vert det m.a. nemnt at både Peder Nedre-Berg og Rasmus Bø i Stryn har planta mykje søtapal og alm på gardane sine.

Slike oppteikningar frå 1700-talet finn vi fleire av både for Innvik og Utvik og grendene på Nordsida. Men epledyrkinga var primitiv og stort sett berre til privat bruk heilt fram på 1800-talet

Truleg var det Gloppen-presten Peder Pavels (sjå Preste-eple og fruktlager), som tidleg på 1800-talet var den første i Nordfjord som tok til å dyrke frukt i noko omfang. Han lærte bøndene podekunsten.

Poteta kom i 1809

Poteta tok først til å verte dyrka i Nordfjord kring 1809. Før det var det husdyrhald, kornåkrane og fjordafisket som var matberginga. – Les elles meir om den første potetdyrkinga i fylket under Lærdal kommune – jordbrukshistorie.

Dei siste åra er bringebærdyrking blitt ei viktig attåtnæring, mellom anna på Langvin i Innvik. Til høgre det tidlegare prestegardshuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei siste åra er bringebærdyrking blitt ei viktig attåtnæring, mellom anna på Langvin i Innvik. Til høgre det tidlegare prestegardshuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fruktlager

Det var først på 1920-talet at fruktdyrkinga skaut fart for alvor, med Innvik, Utvik, Rake, Flo og dei lune bygdene på nordsida av fjorden som dei viktigaste. Kring 1950 vart det bygd fruktlager i Randabygda, Blakset, Utvik og Innvik. Fruktlageret i Innvik eksisterer framleis.

På Visnes i Stryn var det på 1920-talet også eit fruktlager; A/S Nordfjord Frukt- og Saftlager.

Innvik Fruktlager. Foto: Ottar Starheim, NRK

Innvik Fruktlager. Foto: Ottar Starheim, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011