Hopp til innhold
X
Innhald

Hagen Treindustri A/S

Hagen Treindustri A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hagen Treindustri A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den velkjende Stryntrappa vert laga av Hagen Treindustri som i dag er ein av dei største trevarefabrikkane i fylket.

Gustav og John Hagen starta trelastforretning og snikkarverkstad i Stryn 1934. Dei starta også entreprenørselskapet HS Bygg AS og var medeigarar i Stryn Betong (sjå Stryn Betongelement AS).

Verksemda Hagen Treindustri har sidan 1975 spesialisert seg på trappeproduksjon under varemerket ”Stryn-trappa”, og firmanamnet vart i 1988 endra til Hagen Treindustri AS, seinare til Hagen AS.

I siste halvdel av 1990-talet voks verksemda sterkt ved oppkjøp av andre fabrikkar i Gjøvik, Trondheim og avdeling på Blakset i Stryn.

I 2006 hadde konsernet 120 tilsette og ei omsetning på 140 millionar kroner, og verksemda har m.a. eksport til fleire europeiske land.

I 2011 kjøpte Hagen AS trappeprodusenten Helvig og Skaara AS i Egersund. Hagen AS hadde i 2010 98 tilsette og omsette for 126 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.10.2011