Hopp til innhold
X
Innhald

Halstein Skogstad

Halstein Skogstad starta skreddarforretning i Innvik 1936. Dei første åra sydde fabrikken konfeksjon for både menn og kvinner.

Indvikens Uldvarefabrikk og Devold Fabrikker i Langevåg var gode kundar. I 1978 tok sonen til Hallstein Skogstad, Anton Skogstad, over som dagleg leiar. Firmaet endra 1984 namn til Skogstad Sport AS, og bygde 1984 større fabrikk i Innvik. På det meste hadde Skogstad 32 tilsette i Innvik, og leigesaum ved systover i Batalden i Flora, Hornindal og Olden.

I 1995 flagga Skogstad ut halve produksjonen, mest til Kina, og i 1999 var det heilt slutt på eigenproduksjon ved anlegget i Innvik.

Skogstad Sport har utsal og lager i Sunde-bygget i Olden. I 2006 har Skogstad Sport 16 tilsette, og reknar i 2007 med ei omsetning på kring 100 millionar kroner. I 2007 vart bygningane i Innvik utvida med 600 kvadratmeter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008