Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og gjestgjeveri i Utvik

Utvik sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utvik sentrum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utvik var i lang tid den viktigaste ”sjøvegen” for mange breimingar, og her kom det tidleg både handel og gjestgiveri. Både rodde og landverts postruter gjekk gjennom Utvik, og særleg etter at Den trondhjemske Postveg kom, fekk bygda ein sentral posisjon.

Frå eldgamle tider har breimingane hatt rett til hestebeite ved sjøen i Utvik, mellom Bruland og Verlo. Dette viser at det var denne vegen mot nord, over Utvikfjellet, som var «sjøvegen» for dei austre grendene i Breim. Dei hadde både naust og båtar i Utvik-fjæra. Det var i dette gamle «hestebeitet» at tettstaden med kremmarleie og gjestgjeveri utvikla seg frå kring 1670. Den første kremmaren og gjestgjevaren var Kristen Kristenson Busch.

Busch II og III

I 1710 overtok sonen Kristen Kristenson Busch II, og han bygde nye hus. I 1740 var det så Kristen Kristenson Busch III sin tur til å overta verksemda, men han døydde etter kort tid. Enkja vart gift med Ola Larsson Faleide, som fekk kongebrev på handel og gjestgjeveri i Utvik i 1758. I 1770 rauk han opp i sak med kremmaren Peder Pederson Tonning i Stryn om rettane til handel i innfjorden.

«Friis-epoken»

Faleide måtte i 1773 selje eigedomane i Utvik til major Benjamin Angel i Bergen, som året etter selde til kremmaren i Rugsund, Thomas Friis. (Sjå og Handelsstaden Rugsund.) Han sette svigersonen Jon Olson Valaker til å styre i Utvik, og i 1784 fekk Valaker kongebrev på drifta av handel og gjestgiveri. Saman med den myndige kona si, «Friise-Else», dreiv han fram til han døydde i 1801.

Fleire eigarar

Etter «Friis-epoken» overtok Peder Rasmusson Bruland (også nemnt Sandal) og deretter sonen Rasmus Pederson Bruland. (Ein onkel til Peder, Ola, vart gjestgjevar og handelsmann på Holmen i Bremanger). Då Rasmus P. Bruland døydde, gifta enkja seg opp att med fanejunker Kristen Jakobsen Kobberstad. Offiseren bygde nye hus i 1830, men sette Lars O. Seime – «Gjestgjevar-Lars» - til å styre butikken i Utvik fram til han selde til Reinert S. Sivertsen i 1856. Men skøyta bytte snøgt eigar, for same året kom strilen Jacob Neumann Hammer inn som eigar.

Kaia i Utvik var i mange år eit sentralt kommunikasjonspunkt i indre Nordfjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kaia i Utvik var i mange år eit sentralt kommunikasjonspunkt i indre Nordfjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utvik i bakleksa

Men på denne tida tok Utvik til å tape status som trafikk-knutepunkt: Alt i 1829 vart postruta lagt om slik at ho gjekk over Sandane - Ryssfjøra – Naustdal – Volda i staden for langs den gamle lina til Den Trondhjemske Postvei. Då Fylkesbaatane starta rutene i 1858, orienterte både breimingar og turistar som kom reisande sørfrå, seg mot Sandane i staden for nord om fjellet til Utvik. Utvik kom i bakleksa.

Emigrerte til Amerika

Hammer, som også hadde bygd hotell på Rebakken i Breim og på Skei i Jølster, gjekk konkurs og flytta til Bergen, der han starta ølbryggeri. Etter nokre år emigrerte den tiltaksføre Hammer til Amerika.

Tidlegare Hotel Britannia i Utvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Hotel Britannia i Utvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

«Britannia» vart bygd

Den som overtok i Utvik, var Johan Johannesson Loen. Han bygde kai, utvida landhandelen og reiste eit nytt hotell, «Britannia»,som står i bygdesenteret den dag i dag. Enkja Synnøve dreiv verksemda i mange år etter at Johan J. Loen døydde i 1905. I 1920 tok sonen Andreas Johanson Loen over og dreiv både som hotellvert, kjøpmann, postopnar og dampskipsekspeditør fram til 1929. Då selde han hotellet til svogeren Haldor Hegdal og leigde butikken bort til Johan Rasmusson Råd . Sjølv livnærte Loen seg resten av livet som handelsreisande.

Den gamle forretningsgarden med borgstove vart riven då vegen i sentrum vart utvida i 1956. Men forretninga, som då var eigd av Johan A. Loen, flytta over i nybygg alt i 1955.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011