Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og pensjonat på Kleiveneset

Kleivenes Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kleivenes Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lars Ytreeide vart kalla Halte-Lars, og var den første som dreiv med handel på Kleiveneset som ligg ved vatnet Nedrefloen. På Kleiveneset var det kai for båtane som trafikkerte på Strynevatnet, og der var postkontor. Lars Ytreeide bygsla kring 1870 eit jordstykke og dreiv landhandel der i nokre år. Lars arbeidde også som skreddar.

Tor Gjørven overtok eigedomen og handelen kring 1885. Frå litt etter 1900 og fram til 1917 var det Tor Larsson Lunde som dreiv Kleiveneset, før Tor Gjørven tok over att. Forretninga dreiv også kjøp og eksport av laks, aure og blåbær.

I 1932 overtok dottera Julia og svigersonen Eilert Ommedal butikken. Då huset brann i 1937, bygde dei opp att butikk og starta Ommedals Pensjonat. Eilert dreiv som snikkar, og det vart Julia som for det meste styrde butikk og pensjonat.

Tidleg på 1950-talet bygde dei den første campingplassen i Nordfjord. Midt på 1950-talet var dei også av dei første som satsa på campinghytter.

Frå 1974 har det vore barnebarnet Randi Ommedal (sjå firma Oddny Ommedal) som har drive Kleivenes Camping.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.01.2010