Hopp til innhold
X
Innhald

Handels- og skysstaden Faleide

Faleide rundt 1900 med dampskipskaia og Tendens Hotell.

Faleide rundt 1900 med dampskipskaia og Tendens Hotell.

Då Den Trondhjemske Postvei frå Bergen til Trondheim kom i 1795, skapte den etter kvart stor aktivitet i den brattlendte grenda Faleide på nordsida av fjorden, omlag ei mil vest for Stryn.

Fjordkryssinga på Den Trondhjemske Postvei i Stryn gjekk nemleg mellom Utvik og Faleide. Då Fylkesbaatane starta dei første rutene sine i 1858, vart Faleide endestopp for rutene på Nordfjord, og her kom både posthus og seinare også telegrafstasjon. Frå Faleide vart det starta ruter med ein liten dampbåt, «D/S Faleide», til dei inste fjordbygdene Stryn, Loen og Olden, og til Innvik og Utvik.

Faleide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Faleide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bergensar førstemann

Den første handelsmannen som slo seg til på Faleide, var Rasmus Gerhard Evje frå Bergen. I 1858, same året som dampbåtrutene starta, opna Evje landhandel på Faleide, men selde etter eit par år til Johan B. Sivertsen. I 1866 selde Sivertsen vidare til Lasse C. Nordstrand. I 1872 overtok Vilhelm A. Øyestad handelen, og i 1891 kjøpte Olai Tenden handelsstaden på auksjon. Tenden hadde alt i 1872 grunnlagt Tendens Hotell (sjå Tendens Hotell og Central Hotell) på Faleide.

Anno 1863 står det på kaibygningen på Faleide. Den ein gong så travle kaia lokkar berre turistar som er ute etter ro og fred og fint utsyn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anno 1863 står det på kaibygningen på Faleide. Den ein gong så travle kaia lokkar berre turistar som er ute etter ro og fred og fint utsyn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Satsa på Strynefjellsvegen

Olai Tenden rekna med at den nye turistvegen over Strynefjellet, opna i 1894, ville gjere dampskipskaia på Visnes i Stryn til eit nytt trafikk-knutepunkt for turismen. Han opna difor det store Central Hotell (sjå Tendens Hotell og Central Hotell) på Visnes i 1896, men overlet drifta der til sonen Peter Tenden og flytta sjølv utatt til gamlehotellet og handelen sin på Faleide. Men helsa heldt ikkje lenge, og Olai Tenden selde difor alt han eigde på Faleide til Arne K. Bruland.

Måtte avvikle

Men det skulle vise seg at Faleide som trafikk- og handelsplass hadde utspelt si rolle: Det nye vegnettet hadde skapt nye reise- og handelsvanar kring fjorden. Bruland måtte avvikle, og i 1910 kjøpte Innvik Sparebank eigedomen til banklokale og kommunehus for Innvik kommune.

Den nedlagde butikken på Faleide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den nedlagde butikken på Faleide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Konkurrent til Tenden

På slutten av 1800-talet hadde også Ivar O. Råd starta handel på ein naustlem på Faleide. Han bygde seg smått om senn opp som ein konkurrent til Olai Tenden og seinare Arne K. Bruland sin butikk på kaia. Sonen Ola I. Råd tok over i 1918 og var ei tid einerådande med handelen på Faleide, inntil det vart skipa eit handelslag i 1926: A/S Markenes Handelslag, skipa av 30 aksjonærar. Laget var i drift til 1957.

Fjord Ferie på Faleide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjord Ferie på Faleide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Faleide Pensjonat

I 1964 kjøpte stryningen Arne Nesdal eigedomen etter Markenes Handelslag og starta Faleide Pensjonat med kafé og overnattingsplass til 10 gjestar. I 1967 bygde han eit tilbygg med tre utleigehusvære. Sonen Arild Ove Nesdal tok over i 1970. I 1982 sette han opp eit nybygg i betong med plass til ni appartementhusvære, og i 1990 vart dette utvida med seks husvære til. Anlegget, som heiter Fjordferie, vert leigd ut til turistar om sommaren og til skuleelevar om vinteren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.02.2010