Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik

Utvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I tettstaden Utvik har det vore gjestgjevarstad og handel heilt frå tidleg 1600-talet. T.d. hadde Kristen K. Busch kongebrev på handel her i 1710.

Handelsstaden Rugsund i Bremanger var eigd av Thomas Friis. Han eigde også deler av Myklebust - den eldste storgarden på Eid, og var mellom andre eigar av handelsstaden Utvik frå 1774. Då Den Trondhjemske Postvei vart opna i 1795, låg skysstasjonen for ferga over fjorden i Utvik.

Handelsmennene i Utvik låg støtt i strid med dei mektige kremmarane på Tonning i Stryn og retten til handel i Indre Nordfjord. I 1856 fekk Den Trondhjemske Postvei i Stryn frå Haus i Hordaland skøyte på handelsstaden.

Nye båtruter og ny veg

I 1856 fekk Jacob Neumann Hammer skøyte på handelsstaden. I 1858 skapte Amtsbaat-rutene nye reisemønster i Nordfjord, og betre vart det ikkje for Hammer i Utvik då vegen vart bygd mellom Breim og Sandane. Dermed hadde nord-sør-ruta på Den Trondhjemske Postvei i Stryn utspelt sin rolle, og kjøpmann Hammer vart tvinga til å selje i Utvik. Han kompenserte tapet ved å byggje nye hotell på Reedbakken på Re i Breim og på Skei i Jølster - Skei Hotell. Hammer gav seg ei stund etter med hotelldrift, og reiste til Amerika.

Johan Loen tok over i Utvik, og bygde Hotel Britannia i 1890. Dette eksisterer framleis, og vart ei tid drive under namnet Gjestgivergården.

Industrieventyr

Industrieventyr

Langs den vesle elva som renn i fjorden ved kyrkja grodde det opp eit lite «sunnmørs-eventyr» med småindustri og handverksbedrifter. Dei første fekk drivkrafta frå vasshjul, men frå 1913 hadde Utvik eige bygdekraftverk. Ei av dei største bedriftene nede på elveøyra var Hammerstad hesteskofabrikk, starta i 1898. Også Jon M. Bergset dreiv ei tid hesteskofabrikk og handel i Utvik. Fabrikkbygningane til Hammerstad hesteskofabrikk står framleis ved riksvegen. Det gjer også Utviken Kloggfabrikk, grunnlagt 1917 av Peder Elais Olson Verlo. Fabrikken laga tresko, og brukte også bastatog for fletting av sko ei tid (laga av lokal bast frå lindetre). Langs elva låg m.a. Utviken Trevarefabrikk, starta av Peder Pederson Verlo og Abraham Kårstad, seinare drive av Jens Myklebust og Anders T. Valaker. Dei laga pinnestolar. Vidare nedover: Utvik Tøndefabrikk og Utvik Elektriske Sagbruk og Høvleri.

Utvik Mek. Verksted vart starta i 1930 av Marius K. Verlo og laga m.a. hydrauliske biltippar og sakbruksutstyr, og smeden Leif Berge laga landbruksutstyr, møbelbeslag. og produserte bordflaggstenger i messing. Ragnvald Bergset starta Bergset Skifabrikk i Utvik i 1933 og dreiv den nokre år.

I eit eldre hus ved sentrum starta Elias M. Sølvberg i 1925 privat snikkarskule, som kommunen overtok i 1939 og dreiv vidare, og kring vegkrysset og dampskipskaia starta E.A. Sølvberg landhandel i 1874, og fleire fylgde etter.

Moelven Bruk si Vestlands-avdeling starta i Utvik i 1947, og har etter kvart under namnet Fjordtre Produkter A/S og seinare Dooria - sjå Dørfabrikanten Dooria AS vakse seg til ein av dei største produsentane i landet av dører med avdeling i Årdal og i utlandet og med ei årsomsetning på fleire hundre millionar. Bygdefolk i Utvik eig dei fleste aksjane framleis.

I 1960 starta Reidar Olav V. Hage ein liten sementsteinsfabrikk i Utvik. Frå «små-industribygda» Utvik kom også Anders Hansen, som grunnla Evebøfoss Fabrikker på Sandane i 1907, og brørne som grunnla slipp- og skipshandelfirmaet Verlo AS i Vågsøy kommune.

Sjå og: Handel og gjestgjeveri i Utvik.

Utvik slik bygda tek seg ut frå Fjelli på nordsida av fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utvik slik bygda tek seg ut frå Fjelli på nordsida av fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011