Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstader og storgardar i Stryn

Tonning i Stryn på slutten av 1800-talet. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Tonning i Stryn på slutten av 1800-talet. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Storgarden og handelsstaden Tonning

Tonning handelsstad - eller «Perhustunet» - ved munningen av Stryneelva er eitt av dei eldste handelsseta i Nordfjord. Mektige handelsslekter har halde til her heilt frå tidleg 1600-tal, og det var tingstad.

Storgarden Vik

Storgarden Vik i Stryn var tidleg på 1800-talet ein av dei største i Nordfjord, for eigararane åtte også gjennom arv store eigedomar på Visnes og Markane, i Davik, og 18 gardar på Sunnmøre.

Garden Mindresunde

Garden Mindresunde ved Oppstrynsvatnet er ein av dei største i Stryn.

Handels- og skysstaden Faleide

Faleide vart trafikknutepunktet på nordsida av fjorden for Den Trondhjemske Postvei i Stryn frå 1795. Her var det skysstasjon.

Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik

I tettstaden Utvik har det vore gjestgjevarstad og handel heilt frå tidleg 1600-talet.

Handel og gjestgjeveri i Utvik

Frå eldgamle tider har breimingane hatt rett til hestebeite ved sjøen i Utvik, mellom Bruland og Verlo. Dette viser at det var denne vegen mot nord – over Utvikfjellet – som var «sjøvegen» for dei austre grendene i Breim. Dei hadde både naust og båtar i Utvikfjæra.

Skjenkestove og gjestgiveri i Innvik

Den første skjenkestova på Hildeøyra i Innvik kom i 1709, då Henning Kjellson Hylland frå Ryggøyra i Gloppen slo seg til der og fekk løve til å drive «øltapperi».

Handel og skjenkestove på Oldeøyra

Heilt sidan 1600-talet har det budd borgarar med rett til å drive handel i Sjøatunet på Oldeøyra, som ligg på austsida av elvemunningen av Oldenelva.

Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011