Hopp til innhold
X
Innhald

Hanne Kristine Fridtun

Hanne Kristine Fridtun (1991-2011) frå Flo. Sjukepleiestudent og ungdomspolitikar. Ho vart vald til leiar i Sogn og Fjordane AUF (Arbeidernes Ungdomsfylking) i 2011.

I juli same året drog ho på AUF-leir på Utøya i Tyrifjorden. Der vart ho eitt av ofra for massakren som Anders Behring Breivik stod bak 22. juli. Han skaut og drap alle han kom over på øya før han vart pågripen av politiet. I alt 69 personar, dei fleste tenåringar, vart drepne. I tillegg vart mange skadde av skota.

I august 2012 vart eit minnesmerke over dei omkomne på Utøya avduka i Stryn sentrum.

ror David, mor Eva O. og far Kolbein Fridtun ved minnemonumentet som vart avduka i Stryn.. Foto: Øystein Torheim.

ror David, mor Eva O. og far Kolbein Fridtun ved minnemonumentet som vart avduka i Stryn.. Foto: Øystein Torheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016