Hopp til innhold
X
Innhald

Hardbagg

Aalandsgutane frå Randabygda var eit omgrep i skiidretten i Nordfjord på 1930-talet. Dei forsynte seg godt av medaljar og premiar. Frå venstre Per, Dagfinn, Reinar, Einar, Jon og Alfred, alle med etternamn Aaland. Ukjend fotograf. Eigar: Bygdeboknemnda i Gloppen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Aalandsgutane frå Randabygda var eit omgrep i skiidretten i Nordfjord på 1930-talet. Dei forsynte seg godt av medaljar og premiar. Frå venstre Per, Dagfinn, Reinar, Einar, Jon og Alfred, alle med etternamn Aaland. Ukjend fotograf. Eigar: Bygdeboknemnda i Gloppen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eitt av dei sterkaste skimiljøa i Nordfjord var i bygdene på nordsida av inste fjorden; i Markane, og i bygdene frå Blakset til Randabygda.

Ein av dei første som viste att på nasjonalt nivå var Arnfinn Bergset frå Fjell Idrettslag, som på 1930-talet tok Kongepokalen i kombinert.

I særklasse

I særklasse

Hardbagg idrettslag, skipa i Randabygda i 1902, står i ei særklasse i fylket si skihistorie: Rasmus Tvinnereim var landskjend skiløpar på 1930-talet (seinare kjend frå Kompani Linge og Bjørn West). Ingen i Sogn og Fjordane har så mange fylkesmeisterskap som Rolv Tvinnereim frå Hardbagg. Han vann det meste på 1950-1960-talet: 13 fylkesmeisterskap og 37 krinsmeisterskap. Frå Hardbagg kom også Jarle Tvinnereim, som har tre kongepokalar i skifeltskyting.

OL-sølv og NM-gull

Den mest kjende frå Hardbagg er likevel langrennsløparen Per Knut Aaland, som vart Noregsmeister første gong i 1977, og sidan tok 10 sølv- og bronsemedaljar i NM. Han var på det norske stafettlaget som tok sølv under OL 1980, og har elles tre stafettgull frå NM.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.03.2011