Hopp til innhold
X
Innhald

Helge Sunde

Helge Sunde fødd 1965 i Stryn, busett i Oslo. Musikar, komponist og arrangør.

Helge Sunde fødd 1965 i Stryn, busett i Oslo. Musikar, komponist og arrangør.

Har sidan byrjinga av 1990-talet spela ei sentral rolle i norsk populærmusikk og jazz, både som komponist og arrangør. Han har m.a. vore orkesterleiar ved fleire kjende TV-program. Hovudinstrumentet hans er trombone.

Sidan 2005 har han vore kunstnerisk leiar for storbandet Store Norske som i 2006 gav ut jazzplata ”Denada” med musikk av Helge Sunde. Plata vart gjeven ut av det tyske plateselskapet ACT Music og distribuert til 30 land.

I 2009 gav han ut storbandplata ”Finding Nymo” i Tyskland. For dette albumet fekk han den tyske Echo-prisen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2010