Hopp til innhold
X
Innhald

Hjelle Hotell

Gjestene på Hjelle Hotell har lite å utsette på utsynet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gjestene på Hjelle Hotell har lite å utsette på utsynet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hjelle Hotell ligg like ved vasskanten og kaia i Oppstryn og vart grunnlagt i 1894 av Thor Hjelle. Hotellet låg strategisk til då turistvegen over Strynefjellet mot Ottadalen vart opna i 1894.

Hjelle i 1927. Då var vegen langs Strynevatnet bygd ferdig. Foto: Carl Normann.

Hjelle i 1927. Då var vegen langs Strynevatnet bygd ferdig. Foto: Carl Normann.

Vegen langs Strynevatnet kom ikkje før 1923, og turisttrafikken gjekk med dampbåten «Fridtjof Nansen» og hotellet sin eigen båt «Touristen».

Fram til Hjelletunnelen vart bygd hadde Hjelle Hotell riksvegen heilt i hushjørnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fram til Hjelletunnelen vart bygd hadde Hjelle Hotell riksvegen heilt i hushjørnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eigar og tilsette ved Hjelle Hotel tidleg på 1900-talet. Bak frå venstre Thor K. Hjelle, Olaf Sunde (sjåfør), Harald Tenden, frk. Rini (serveringsdame frå Bergen), Oskar Tenden, Dorthe Thorsdatter Hjelle (vart gift med Oskar Tenden), Arne Berstad. Framme frå venstre: Ukjend (dotter til ein reiseførar), Elvina Thorsdatter Hjelle, Johanne Larsdotter Hjelle, Anna (Bertanna?) Skåre. Ukjend fotograf. Eigar:Hjelle Hotel.

Hotelleigar Thor Hjelle var også med på å starte dei første bilrutene for turistar i Nordfjord i 1910 (sjå Automobilen kjem til Stryn), og bygde det første meieriet i Oppstryn. I 1911 starta også landhandel like ved hotellet sitt på Hjelle.Denne landhandelen låg ei tid nede, men er nyleg opna på nytt av noverande eigarar, Lorentz og Emma Elisabeth Hjelle. Dei driv også kafé i det gamle handelsbygget.

Landhandelen ved Hjelle hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Landhandelen ved Hjelle hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dronning gav porselen

I 1896 vitja kong Oscar II av Noreg og Sverige hotellet saman med kronprinsen, og dronning Wilhelmina av Nederland budde frå 1912 årleg på hotellet. Som takk for opphaldet gav ho hotellet ei samling Delft-fajanse som no står utstilt på hotellet.

Hjelle Hotell har vore drive av same familie sidan starten, og både eksteriør og interiør er teke vare på i same stilen som hotellet hadde kring førre hundreårsskifte.

Interiøret er halde i same stilen som då hotellet opna i 1894. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Interiøret er halde i same stilen som då hotellet opna i 1894. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 04.03.2011