Hopp til innhold
X
Innhald

Hotel Mindresunde

Hotel Mindresunde i 1910. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hotel Mindresunde i 1910. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1890 starta lærar Rasmus Kolbeinsson Bødal hotell på den tidlegare ”kapteinsgarden” Mindresunde (sjå Krigshistorie) ved Strynevatnet. Han kjøpte garden i 1884 og bygde hotellet for pengar som han m.a. hadde tent på nokre rettar som han hadde skaffa seg til å drive gullgraving på Bømlo i Sunnhordland. – Ein tilsvarande ”gullgravarformue” finn vi også som ”grunnkapital” ved starten av eit anna turisthotell i Sogn og Fjordane, nemleg Kirkevolds Hotell like ved Borgund stavkyrkje (sjå Lærdal kommune). Frå Mindresunde vart turistane skyssa med båt opp Strynevatnet til Hjelle, og derifrå kunne dei reise over Strynefjellsvegen anten til jernbana på Otta, eller til turistbygda Geiranger på Sunnmøre. Denne trafikken gav ei tid levegrunnlag for Hotel Mindresunde og Victoria Hotell som låg like ved, på garden Meland.

Utleigd til jordbruksskule

Men då vegsambandet langs Strynevatnet vart bygt like etter 1. verdskrig (opna i 1923), såg ein i augene at det ville verte lite lønsamt å drive hotell på Mindresunde. I 1916 skøytte Rasmus K. Bødal garden over til dottera Astrid og svigersonen Lars Larsson Skaar. Han pakta i 1920 garden bort til Sogn og Fjordane fylke som starta jordbruksskulen for Nordfjord, Mindresunde Jordbruksskule, i 1920. Hotellbygningen kom no til nytte som internat og skulerom. Dermed vart det ein fylkeskommunal skule som for andre gong berga eit turisthotell som hadde kome i den kommunikasjonsmessige bakleksa i Stryn: Forrige gong var då fylket nokre år tidlegare kjøpte Hotel Central på Visnes av Peter O. Tenden for å bruke det som husmorskule. Jordbruksskulen vart driven på Mindresunde til den vart flytta til Langvin i Innvik i 1951. Det tidlegare hotellbygget/internatet er no rive.

Starta campingplass

I 1971 starta eigarane av garden, Leif og Gudrun Skår, Mindresunde Camping nede ved Strynevatnet. Sonen Lars Henrik Skår tok over garden og drifta av campingplassen i 1985. Mindresunde Camping har ni hytter og 45 oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner.

Like etter krigen dreiv også NAF – Norsk Automobilforbund – ein teltplass på Mindresunde.

Mindresunde Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mindresunde Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.01.2010