Husmorskulen i Stryn

Elevane og lærarane ved husmorskulen i Stryn skuleåret 1939/40. Ukjend fotograf. Eigar: Borghild Akse/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Den første jenteskulen (husmorskulen) i fylket vart skipa i Holmedal.
Då avtalen der gjekk ut i 1886, la tidlegare lærar Rasmus Bødal fram tilbod om Mindresunde gard i Stryn som ny skulestad. Amtstinget valde likevel å fornye skuleavtalen i Holmedal (sjå Skular i Askvoll).
I 1912 kom husmorskulen i gang, med Malene Sandved som første styrar. Fylket kjøpte i 1914 Hotel Central (sjå Tendens Hotell og Central Hotell) frå Peter O. Tenden som skulebygning. Husmorskulen – seinare husstellfag-skulen – vart i 1966 flytta til nye lokale på nordsida av Stryn sentrum. Bygningen var i bruk som ein del av Stryn vidaregåande skule fram til 2007.
Les også om

I 1966 flytta Stryn Husmorskule inn i nybygg på Vik. Seinare var denne bygningen ein del av Stryn vidaregåande skule fram til 2007, og vart då overteken av Stryn kommune. I 2011 vart bygningen riven. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 14.11.2011