Hopp til innhold
X
Innhald

Idretten i Stryn

Tarjei Bø er saman med Tore Andre Flo den mest profilerte idrettsutøvaren Stryn har fostra. Bø vart norsk meister i skiskyting som 20-åring i 2009. Året etter vart han olympisk meister på stafetten i Vancouver og i 2011 vart han tedobbel verdsmeister. Foto: Heiko Junge, Scanpix.

Stryn kommune har markert seg som ein av dei store ”idrettskommunane” i Sogn og Fjordane, både med framståande utøvarar, og med økonomisk satsing på idretten ved m.a. utbygging av den første store idrettshallen i fylket og store vintersportsanlegg for langrenn, hopp og alpin.

Stryn har markert seg både med utøvarar på nasjonalt toppnivå og med store idrettsarrangement. Her er Kong Harald til stades under NM på ski i 1996, saman med leiar i hovudkomitéen for NM, Inge Fænn.

Stryn har markert seg både med utøvarar på nasjonalt toppnivå og med store idrettsarrangement. Her er Kong Harald til stades under NM på ski i 1996, saman med leiar i hovudkomitéen for NM, Inge Fænn.

Tidleg ute med organisert idrett

Den første organiserte idrettstevlinga i Nordfjord utanom militæridretten på Nordfjordeid var truleg eit stemne i kappgang i Innvik i 1872.

Hardbagg

- stort lag i lita bygd. Hardbagg idrettslag, skipa i Randabygda i 1902, står i ei særklasse i fylket si skihistorie.

Store hopp- og langsrennsanlegg

Langrennssenteret Ullsheim i Markane vart opna 1982 og er det største skisenteret for langrenn i Sogn og Fjordane. Vangen Skisenter på Nordsida vart opna i 1992. Det sentrale elementet i dette anlegget er 90-metersbakken Bjørkelibakken. Både Ullsheim og hoppanlegget på Vangen vart mykje bygd ut i samband med at dei lokale idrettslaga stod som tilskiparar av ski-NM i nordiske greiner i 1996. I 2008 vart NM i skiskyting skipa til på Ullsheim. I 2011 vart ei rulleskibane teken i bruk på Ullsheim, og Markane Idrettslag fekk trafikktryggleiksprisen til fylkeskommunen for å ha fått rulleskiaktiviteten inn på trygg grunn og bort frå vegane. I 2014 vart det lagt plast i 15-metersbakken og 40-metersbakken på Vangen Skisenter, slik at bakkane kan brukast både sommar og vinter.

Frå eit sprintrenn i langrenn på Ullsheim. Foto: NRK.

Frå eit sprintrenn i langrenn på Ullsheim. Foto: NRK.

Holmøyskarrennet

er eit årleg turrenn på 26 kilometer i klassisk stil frå Kroken i Markane og over Holmøyskaret til skisenteret på Vangen i Fjelli. Holmøyskarrennet vart skipa til første gong i 1967, og det er Markane Idrettslag, Veten Idrettslag og Hardbagg Idrettslag som står føre arrangementet.

Ein ung Odd-Bjørn Hjelmeset sikrar seg ein av sine mange sigrar i Holmøyskarrennet. Foto: Jon Kjøs.

Ein ung Odd-Bjørn Hjelmeset sikrar seg ein av sine mange sigrar i Holmøyskarrennet. Foto: Jon Kjøs.

Strynefjellsrenn og alpinidrett

Stryn kommune har satsa meir enn mange kommunar på idrettsanlegg - Utvikfjellet, Stryn Skisenter og Strynefjellet.

Den berømte Flo-pasninga frå forsvaret til ein Jostein Flo høgt oppe på bana var eit våpen trenar Egil Drillo Olsen innførte i det norske landslaget. Her takkar han og Jostein Flo kvarandre for innsatsen etter Brasil-kampen i 1998.

Fotballeventyret Flo

Frå 1990-talet er det særleg fotballmiljøet kring Flo-gutane i Stryn som har vorte internasjonalt kjent.

Symjehall og idrettshallar

I Stryn sentrum bygde kommunen symjehall i 1973, og i 1987 den første storhallen for idrett i Sogn og Fjordane – Strynehallen. I Innvik ligg Styrkhallen.

Strynehallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strynehallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skåla Opp

Frå 2002 har det vore arrangert motbakkeløp frå Tjugen og opp på fjellet Skåla (1848 m.o.h.). Les meir under Kloumannstårnet.

Idrettslaga

Oversyn over idrettslaga i Stryn finn du under Lag og organisasjonar i Stryn - ordna etter startår.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 16.05.2014