Hopp til innhold
X
Innhald

Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero

Sunde Konfeksjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunde Konfeksjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvamme & Sunde A/S i Olden vart grunnlagt 1946 av Einar Kvamme og Johannes Sunde. Den første tida dreiv dei manufakturhandel og konfeksjonsfabrikk, med leigesaum for m.a. Kløverhuset, Sundt og Hagbart Schøtt, og var alt tidleg på 1950-talet oppe i 20 tilsette.

Sunde Konfeksjon A/S

I 1952 skilde dei to kompanjongane lag. Johannes Sunde (1917–1975) starta Sunde Konfeksjon A/S, som etter kvart vart ei av dei største konfeksjonsverksemdene i landet. I 1967 bygde han stor spesialfabrikk for bukseproduksjon ved utløpet av Oldenelva.

Fabrikken vart utvida i 1972 og 1976, og ei tid hadde Sunde Konfeksjon ei stor avdeling på Sandane – ei tid også på Byrkjelo. På det meste sysselsette Sunde Konfeksjon 120 personar - 70 av dei ved hovudanlegget i Olden.

Sunde Konfeksjon starta i bygningen til venstre. No er det privatbustad og utleigehusvære der. Huset til høgre vart bygt av Sunde Konfeksjon på 1970-talet, då verksemda fekk krav om bomberom. Sunde hadde hyblar i huset, seinare vart det omgjort til Olden Krotell, etter det igjen til husvære og selskapslokale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunde Konfeksjon starta i bygningen til venstre. No er det privatbustad og utleigehusvære der. Huset til høgre vart bygt av Sunde Konfeksjon på 1970-talet, då verksemda fekk krav om bomberom. Sunde hadde hyblar i huset, seinare vart det omgjort til Olden Krotell, etter det igjen til husvære og selskapslokale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1989 gjekk verksemda konkurs, men drifta vart berga m.a. med hjelp frå Frislid Konfeksjonsfabrikk (sjå Fabrikkar og verkstader i Eid). Sidan har Margunn Sunde, dotter til Johannes, stått for leiinga av verksemda. Frå 1990 har all bukseproduksjon gått føre seg i utlandet, for det meste Polen.

Kvamme Konfeksjon

Einar Kvamme (1909–1987) starta Kvamme Konfeksjon i 1952, og flytta inn i nybygg i 1955. Kvamme hadde i 1932 gått på skreddarskule i Volda. Dei første åra dreiv verksemda leigesaum til andre klesfirma, men frå 1962 satsa Kvamme på produksjon av eigne produkt. Firmaet spesialiserte seg på bukser, slik som Sunde gjorde. I 1977 vart Kvamme Konfeksjon aksjeselskap i samband med at sonen Jan Kvamme overtok som dagleg leiar.

Ricco Vero, tidlegare Kvamme Konfeksjon i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ricco Vero, tidlegare Kvamme Konfeksjon i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ny generasjon og Ricco Vero

Seinare overtok sonen Jan Kvamme som dagleg leiar fram til 1989, då sonesonen Finn Einar Kvamme (fødd 1965) overtok leiinga av verksemda. Finn Einar kom med i verksemda i 1986, og same året vart selskapet Ricco Vero AS skipa. I dette selskapet satsa på ein ungdommeleg klesstil med eigen design.

Ricco Vero hadde leigesaum av produkta sine hjå «gamleselskapet» Kvamme Konfeksjon, men heilt fram til 1988 vart det også produsert bukser under Kvammes Konfeksjon sitt eige varemerke. Varemerket Ricco Vero kom etter kvart til å omfatte alle slags herrekle og sko og frå 2002 også ein kvinnekolleksjon med tilhøyrande butikkar.

Sidan 1991 har mykje av Ricco Vero sin produksjon gått føre seg i utlandet; først Polen, og seinare Litauen, Tsjekkia, Portugal (sko), Slovakia og Kina. I Olden arbeider det i år 2003 28 personar. Årsomsetninga i 2002 låg på 56 millionar kroner.

Foto: NRK.

Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2011