Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Stryn

Den storfelte og vakre naturen i Stryn kommune lokkar mange turistar og gir grunnlag for ei lang rekkje overnattingsbedrifter. Dette er Gryta Camping ved Oldevatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den storfelte og vakre naturen i Stryn kommune lokkar mange turistar og gir grunnlag for ei lang rekkje overnattingsbedrifter. Dette er Gryta Camping ved Oldevatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn er først og fremst kjend som den største reiselivskommunen på Vestlandet utanom byane. Men samstundes er det også den kommunen som i mange år har hatt den største sysselsettinga i industrien. Landskjende industriverksemder som Nordfjord Kjøtt, Moods of Norway, Ricco Vero, Hagen Treindustri og Vest Busscar ligg i Stryn. Omtalane er ordna etter oppstartsår:

*Bankar og trygdelag i Stryn *Fabrikkar og verkstader i Stryn *Reiselivsbedrifter i Stryn

Sjå også: *Handelsstader og storgardar i Stryn – spesielt: Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik

ANDRE OMTALAR:

Handel og pensjonat på Kleiveneset

Lars Ytreeide starta landhandel på Kleiveneset rundt 1870.

Rasmus J. Sætre

starta i 1871 eit teglverk på garden Årheim i Stryn saman med lensmann Gullik B. Mugaas. Framleis kallast plassen der teglverket stod for «Teglen». Rasmus J. Sætre var dessutan ein dugande smed som gjorde alt smedarbeidet til kyrkjene i Oppstryn, Selje og Stavang. I 1889 overtok Erik E. Kyrkje-Eide teglverket, som truleg vart lagt ned kort tid etter.

Elias Sølvberg.

Elias Sølvberg.

Anders Jonson Drageset

starta fargeri og landhandel i Innvik på 1870-talet. Han vart også dampskipsekspeditør i bygda i 1874. Også David Olsson Sunde, ”Fargar-Dåve”, starta fargeri ved Hildenausta kring 1870.

Utvikens Handelsforening

vart skipa i 1874 med den 21 år gamle Elias A. Sølvberg (1853–1941) som styrar. Han tok over forretninga i eige namn, E.A. Sølvberg, i 1902. I 1921 overtok sonen Peder E. Sølvberg, og i 1940 sonesonen Elias P. Sølvberg. – Sjå elles Forretningsfamilien Sølvberg.

E A. Sølvberg landhandel

– sjå Utvikens Handelsforening (over).

Første butikken til Rasmus A. Sunde var i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første butikken til Rasmus A. Sunde var i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rasmus A. Sunde

starta i 1877 landhandel på Tonning i Stryn. Sonen Hans Sunde tok over i 1905, og sonesonen Roald H. Sunde i 1953.

Kornelius Olson Valaker

som vart brukar på Bruland i Utvik i 1877, vart både båtbyggjar, snikkar og smed. Han starta også hellebryting i skiferberga i Brulandsstranda.

Nedstryns Handelsforening

vart skipa i 1884 på Tonning. I 1894 overtok styraren Lars J. Stauri handelen sjølv, og i 1896 Mathias Nesje. Eigedomen vart i 1913 overteken av den kjende fotografen og spelemannen Jens R. Maurseth.

Mons Sandvik

starta landhandel på Fosnes i Oppstryn i 1885.

Lars Nilsson Sølvberg

starta kring 1890 sagbruk og høvleri i Utvik. I 1909 overtok Arne Jensen verksemda. I 1918 kjøpte han den skogrike garden Askevik i Ålfoten og nytta tømmer derfrå til produksjonen i Utvik.

Huset til Gudmund Sydness står på Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset til Gudmund Sydness står på Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gudmund Monsson Sydness

starta landhandel i Innvik i 1892. Han var samstundes postopnar. Sonen Johannes Sydness tok seinare over landhandelen.

Oliver Pedersson Kjøs

starta som salmakar i Stryn i 1892.

Stryn Fargehandel

- sjå Oliver Pedersson Kjøs.

Stryn Elektro

- sjå Oliver Pedersson Kjøs.

Olden Handelsforening

vart starta på Oldeøyra på 1890-talet.

Simon S. Muri

landhandel - sjå Olden Handelsforening.

Ole Andersson Verlo

og ektemaken Anne starta kring 1894 bakeri i Utvik. Ole døydde i 1906. Seinare dreiv Anne også kafé. Svigersonen Asbjørn Olsen Felde var skomakar og dreiv i mange år Feldes Skoverksted saman med broren sin.

Amund E. Glomnes

starta landhandel på Hjelle i Oppstryn i 1895. Sonen Halvdan tok seinare over butikken.

Jon Drageset

frå Innvik starta landhandel og bakeri i Loen i 1896.

Joker Loen

- sjå Jon Drageset.

Olden Dampbåtlag

vart skipa i 1897 og var resultatet av ei samanslåing med Øvre Olden Dampbåtlag.

Jo Hilde

starta bakeri i Innvik i 1898.

Harald O. Eikenes

starta i 1899 landhandel på Årheim i Stryn, like sør for den gamle brua.

Hans R. Sunde

starta landhandel på Tonning kring hundreårsskiftet. Han bygde eige forretningsbygg i 1903. Ektemaken Brita dreiv forretninga etter at Hans døydde i 1935 og fram til ho la ned i 1952.

Her dreiv Jakob R. Myklebust skreddarforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her dreiv Jakob R. Myklebust skreddarforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jakob R. Myklebust

starta skreddarforretning i Stryn kring 1902. Han var ein kjend spelemann og far til radiomannen og «Folkemusikkhalvtimen» personleg, Rolf Myklebust. Sonen Arne Audun Myklebust kom med i verksemda i 1941, og ei tid var dei oppe i åtte tilsette.

Andreas R. Sunde

starta urmakarforretning på Tonning i Stryn i 1905. Sonen Rasmus tok over i 1925, og seinare sonen Asbjørn Sunde.

Rasmus A.Sunde

- sjå Andreas R. Sunde.

Rasmus A. Sunde urmakarforretning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rasmus A. Sunde urmakarforretning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bertel J. Hestenes

starta landhandel i Innvik i 1904. I 1912 flytta han til Nordfjordeid og overlet forretninga til Ole J. Bennæs. Seinare eigarar har vore Sverre Nesbø og Olaf O. Bennæs.

Anders Mattiasson Åland

starta landhandel på Hopland i 1905.

Johanne S. Dokset

dreiv frå 1910 og utover eit lite bakeri nede ved sjøen på Blakset.

Mathias R. Torheim

starta skreddarforretning i Utvik i 1910. Han hadde på det meste 4-5 personar i arbeid.

Andreas Berge

starta landhandel i Grønfurvika i Oppstryn i 1911. Sigrid Guddal tok over butikken i 1927 og bygde nytt forretningsbygg kring 2. verdskrig.

Den nedlagde butikken på Faleide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den nedlagde butikken på Faleide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

A/S Markenes Handelslag

på Faleide vart skipa i 1911 med 30 aksjonærar. I 1937 bygde laget eigen butikk ved kaia på Faleide. Før krigen var laget storkjøpar av alle slags jord- og utmarksprodukt som t.d. skogsbær, ved, tønnestav, tønneband, skurlast o.l. som vart selt vidare m.a. til Bergen. Laget vart oppløyst i 1957.

Anna Aarheim

starta i 1912 landhandel i Stryn. Ho dreiv forretninga til ho døydde i 1942. Då overtok Borfrid Nesdal f. Aarheim og ektemaken Audun butikken som i hovudsak dreiv handel i manufaktur.

Dei tilsette og bilparken til Nordfjord og Sunnmøre Billag samla i Stryn i 1939, då billaget feira 25-årsjubileum. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”..

Dei tilsette og bilparken til Nordfjord og Sunnmøre Billag samla i Stryn i 1939, då billaget feira 25-årsjubileum. Foto frå ”Soga om Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914-2004”..

Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L

I 1914 vart askjeselskapet Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap skipa.

Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap

– sjå Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.

Arne Nesdal transport

– sjå Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.

Vestgods A/S

– sjå Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.

Nordfjord Transport L/L

– sjå Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.

Fjord1 Nordfjord – Ottadalen

– sjå Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.

Nettbuss Nordfjord - Ottadalen

– sjå Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.

Nordfjord Bilservice AS

– sjå Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.

Nordfjordreiser

reisebyrå – sjå Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.

Olden Samyrkelag

vart skipa kring 1. verdskrig og stod bak bygginga av Olden Mølle i 1920.

Coop Marked Olden

- sjå Olden Samyrkelag.

Johan Flo & Søn

landhandel vart starta i Stryn i 1918 av Johan Flo.

I dette huset dreiv Mons M. Sandvik og seinare Ragnar Grønfur landhandel på Fosnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv Mons M. Sandvik og seinare Ragnar Grønfur landhandel på Fosnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mons M. Sandvik

starta kring 1920 som kjøpmann på Fosnes i Oppstryn, først som styrar av eit lokalt handelslag, og seinare med eigen landhandel. I 1936 kjøpte Ragnar Grønfur butikken og dreiv den saman med kona Marit til 2004.

Forretningsbygget på Fornes der Grønfur dreiv butikk til 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget på Fornes der Grønfur dreiv butikk til 2004. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A/S Nordfjord Frukt og Saftlager

bygde i 1920 eit lageranlegg på Aldenes på Visnes i Stryn.

Olav Eikenæs

på Sandane starta bok- og papirhandel i Stryn i 1921.

Stryn Bokhandel

- sjå Olav Eikenæs.

Agnes K. Dobakk Fjærestad

starta på 1920-talet manufakturforretning på Tonning.

Moderne Herresko

- sjå Agnes K. Dobakk Fjærestad.

Havnen AS

- sjå Agnes K. Dobakk Fjærestad.

Johanne Skaare

starta sy- og moteforretning på Hjelle i Oppstryn i 1922. I 1924 bygde ho ny butikk på Grov litt lengre oppe i dalen og utvida då til assortert landhandel. Ho utvida i 1931, dreiv også eit lite pensjonat.

A/S Roset & Co. landhandel

vart starta på Blakset i 1924 av R. Roset. Firmaet dreiv m.a. med kjøp og vidaresal av frukt, hagebær og skogsbær.

Foto K. A. Tonning

vart starta i 1924 av Kåre Tonning.

August Ytre-Eide

starta sportsforretning og bilverkstad i Stryn i 1926.

Ytre-Eide Sport

- sjå August Ytre-Eide .

Entreprenør Jørgen Flo bygde m.a. Stryn Meieri.

Entreprenør Jørgen Flo bygde m.a. Stryn Meieri.

Jørgen Flo

starta i 1926 entreprenørforretning i Stryn. Etter 2. verdskrig bygde han opp entreprenørverksemda til ei av dei store i Fjordane: Han fekk store byggjeoppdrag som verftet til Ankerløkken i Florø, Moelven Bruk i Utvik, kommunehuset i Stryn sentrum, Nordfjord og Sunnmøre Billag sitt administrasjonsbygg på same stad, Karstad & Co. sin bilverkstad og Stryn Meieri.

L. Ljåstad

starta skreddarforretning med utsal i Stryn sentrum i 1927.

Yris Kafé i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Yris Kafé i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Yris kafé

i Olden vart starta av Bent R. Yri kring 1927. Han tok då over ein eigedom der Mons og Malena Hunskår hadde drive bakeri og kafe frå kring 1910. Målfrid Hunskår tok over eigedomen i 1954.

Oldedalen Landhandleri heldt dei første åra til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oldedalen Landhandleri heldt dei første åra til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oldedalen Landhandleri AS

vart skipa i 1928 av Rasmus og Aagot Rustøen. I 1952 endra butikken namn til Rustøens Landhandel. Dei var óg telefonstyrarar i bygda. Butikken vart lagd ned i 2006.

Butikken i Oldedalen, som i 1952 endra namn til Rustøens Landhandel, vart i 1978 flytta nokre hundre meter innover dalen til dette huset. Men i 2006 var det slutt på butikkdrifta i Oldedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Butikken i Oldedalen, som i 1952 endra namn til Rustøens Landhandel, vart i 1978 flytta nokre hundre meter innover dalen til dette huset. Men i 2006 var det slutt på butikkdrifta i Oldedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lars Eide

starta landhandel i Oldedalen i 1928. Han hadde også bensin- og oljelager.

Johan Rasmusson Råd

starta landhandel i Utvik i 1929, då han leigde butikken som Andreas Johanson Loen dreiv på den gamle handelsstaden der.

I dette huset i Utvik dreiv Johan Rasmussen Råd og seinare Bjarne-Andreas O. Valaker butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset i Utvik dreiv Johan Rasmussen Råd og seinare Bjarne-Andreas O. Valaker butikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stensaker & Søn A/S landhandel

på Blakset vart starta i 1929 av Rasmus D. Stensaker. Han var også dampskipsekspeditør.

Skoforretninga til A. Nesje heldt til i det brune huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skoforretninga til A. Nesje heldt til i det brune huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A. Nesje

skoforretning og verkstad vart starta i Stryn i 1932 av Amund Nesje.

Marius B. Sæten

starta skreddarforretning i Måløy i 1915, men i 1932 flytta han verksemda til Loen.

Nesje & Co.

landhandel vart starta i Stryn i 1932 av Sverre og Mathias Nesje.

I dette huset dreiv Kolbein R. Folven butikk i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv Kolbein R. Folven butikk i Olden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reidar A. Kjøs

frå Kjøs i Hornindal starta landhandel på Muri i Olden i 1933. I 1960 overtok Kolbein R. Folven frå Oppstryn butikken. Folven la ned i 1979.

Kolbein R. Folven landhandel

– sjå Reidar A. Kjøs.

Kr. A. Vik AS

røyrleggingsfirma og byggefirma i Stryn vart grunnlagt av Kristian A. Vik i 1933.

Leirgulenbygget i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirgulenbygget i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjell Leirgulen

starta på 1930-talet fiskematkjøkken med butikk på Ytreeide. Leirgulen henta sjølv ferskfisken i Måløy og dreiv fiskebilruter med opptil tre bilar i heile indre Nordfjord. I tillegg til produksjon av fiskekaker og fiskepudding dreiv han også røyking av laks og blåkveite. Leirgulen hadde opptil fire tilsette, og han la ned verksemda i 1966.

Vilhelm Sunde

starta landhandel på Mindresunde i Oldedalen i 1934. Han var også telefonstyrar.

Øvreberg & Co. herreekviperingsforretning

i Stryn vart starta i 1936 av Hjalmar og Sverre Øvreberg.

Fløtres Auto lastebiltransport

vart starta i Olden i 1936 av Ragnvald Fløtre. Han hadde i mange år transporten av fløyte frå Utvik og Innvik til Olden Meieri.

I dette huset dreiv Ella Folven landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv Ella Folven landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ella Folven

starta landhandel i Hjelledalen i Oppstryn i 1936. Ho bygde eige forretningsbygg i 1946 og leigde den på same tid ut til Stryn Samyrkelag for ein 10-årsperiode.

Drageset & Brekke landhandel

vart starta på Tunold i Oppstryn i 1936. Den eine skiparen, Sverre A. Drageset, tok etter ei tid over forretninga og dreiv åleine.

Oddrun O. Faleide

starta landhandel på Faleide i 1937. Ho var også dampskipsekspeditør. Ho gifta med Oddvin O. Sætre som gjekk inn i drifta av butikken.

Stryn Glasmagasin

- sjå Harald O. Eikenes.

Innvik Samyrkelag

vart skipa i 1946 og opna forretninga i 1947.

Bjørn Vagstad

- sjå Innvik Samyrkelag.

Stryn Samyrkelag

vart skipa i 1946 og starta tre utsal kringom i kommunen. Samyrkelaget dreiv også kjøp og sal av landbruksvarer.

Coop Nor-Sunn

- sjå Stryn Samyrkelag.

Coop Vestland BA

- sjå Stryn Samyrkelag.

Fjelli Samvirkelag

vart starta som eit innkjøpslag for jordbruksvarer for bøndene på Fjelli i 1946.

Coop Marked Fjelli

– sjå Fjelli Samvirkelag.

John M. Loen

starta landhandel i Loen ca. 1946. Butikken hadde utsal av husflidsvarer, og dreiv også ein frukt- og grønsakbutikk i Bergen.

Stryn Trykkeri

vart starta i 1946 av Thorleif E. Nilsen. Trykkeriet trykte både bøker, aviser, blad og ulike trykkerivarer.

O. L. Brekke i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

O. L. Brekke i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ole L. Brekke

starta i i 1946 landhandel, målarvare- og steintøyforretning i Stryn med namnet O.L. Brekke A/S. Firmaet dreiv også produksjon av fiskemat.

Oppstryn Maskinstasjon

vart starta i 1947 etter opptak av Rolf Gjørven som fekk med seg 50 bønder i bygdene for innkjøp av traktorar og høvelege reiskapar for pløying og slått. Sjå og Dei første traktorane.

Flåtens Installasjons- og sportsforretning A/S heldt til i denne bygningen ved Oldenelva. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flåtens Installasjons- og sportsforretning A/S heldt til i denne bygningen ved Oldenelva. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flåtens Intstallasjons- og sportsforretning A/S

i Olden vart skipa i 1947 av Ragnvald Flåten. Han selde elektriske artiklar og sportsutstyr.

Brødrene Sydness bakeri og konditori

vart starta i Stryn i 1947 av Alv Sydness og Gudmund Sydness.

Thor Tenden Transport A/S

vart starta 1946 av Thor Tenden sr. og er i dag eitt av dei største private transportselskapa i Sogn og Fjordane.

Olav Tenden Transport A/S

i Stryn, grunnlagt 1947 av Ola Tenden og seinare overteke av sonen Olav Tenden.

Tenden Container og Gjenvinning AS

– sjå Olav Tenden Transport A/S.

Fjordane Bioenergi

– sjå Olav Tenden Transport A/S.

Stryn Kjøtt og fetevareforretning

vart starta av Bernhard Auflem ca. i 1947. Firmaet dreiv sal av både kjøtvarer og fiskemat.

Bygningen til Hopland Fruktlager har dei siste åra vore brukt m.a. til Sjøkanten Kafé. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygningen til Hopland Fruktlager har dei siste åra vore brukt m.a. til Sjøkanten Kafé. Foto: Ottar Starheim, NRK.

P/L Hopland Fruktpakkelag

bygde fruktlager med kjølerom på Hopland i 1949.

Blakset Fruktlager P/L

vart bygd ved stranda på Blakset i 1951. Blakset er ei av dei beste fruktbygdene i Stryn kommune.

Einar Aaland

starta i 1951 som bygningsentreprenør på Hopland, og hadde på det meste fem mann i arbeid.

I det rosa huset dreiv Jon Fure landhandel på Folven. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I det rosa huset dreiv Jon Fure landhandel på Folven. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jon Fure

starta landhandel i Hjelledalen i Oppstryn tidleg på 1950-talet. Han dreiv butikken til han døydde i 1985.

Wilhelm A. Brynestad

starta landhandel og bakeri i Olden i 1952.

I dette huset på Oldøyra dreiv Wilhelm Brynestad bakeri og landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset på Oldøyra dreiv Wilhelm Brynestad bakeri og landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Innvik Hagebrukslag

bygde fruktpakkelager med kjølerom i 1952.

PL Innvik Fruktlager

- sjå Innvik Hagebrukslag.

Johan Isehaug

starta kafé eige bygg i Stryn sentrum i 1954.

Isehaug Kafeteria-Johans Pub

- sjå Johan Isehaug.

Sverre P. Tisthammar

starta landhandel på Tisthamar vest for Utvik i 1954.

Sigurd Hegdal

starta landhandel i Innvik i 1954.

Liv og Arnljot Årnes dreiv butikk på Fosnes i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Liv og Arnljot Årnes dreiv butikk på Fosnes i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Borgny Sunde

starta landhandel på Storesunde i 1955.

Magne H. Sætren

starta landhandel på Oldeøyra i 1957.

Olden Rør AS

- sjå Magne H. Sætren.

Oddny Ommedal

starta manufakturforretning i Stryn i 1959.

Utvikfjellet Alpinsenter

opna 1963 - sjå Idretten i Stryn.

Arnljot Årnes

starta landhandel på Fosnes i 1966. Han dreiv butikken saman med ektemaken Liv til han døydde i 1990.

Sentrum Handel

i Olden vart starta av Arne Opheim i 1966.

Rimi Olden – sjå Sentrum Handel.

Ica Nær Olden – sjå Sentrum Handel

Bunnpris Olden – sjå Sentrum Handel.

Kåre Sandvik

starta bilverkstad på Folven i Oppstryn i 1968. Seinare vart det og butikk.

Buda AS

landhandel på Folven - sjå Kåre Sandvik.

Buda AS Joker

landhandel på Folven - sjå Kåre Sandvik.

Vestgods

skipa i 1969 - sjå Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.

Stryn Sommarskisenter

på Strynefjellet vart opna i 1972 - sjå Idretten i Stryn.

Lars Kveen AS

entreprenørselskap vart starta av Lars Henry Kveen i 1980.

Kveen AS

- sjå Lars Kveen AS.

Stryn Sag A/S

vart starta av Ove Vik m.fl. i 1985.

Stryn Trelast AS

– sjå Stryn Sag A/S.

Byggtorget Stryn Trelast AS

– sjå Stryn Sag A/S.

HS Bygg

entreprenørfirma vart starta i 1985 av Jostein L. Hilde og Jarle Lien. Firmaet vart til ved at verksemdene Gustav & John Hagen og Sunde Bygg slo seg saman. I 2011 overtok Jørn Hilde og Knut Løvdal Stauri firmaet. Det er 26 tilsette i HS Bygg i 2011, og omsetninga i 2010 var på 28 millionar kroner.

Turistskipet Boudicca ved cruiseskipskaia som Aslak Lefdal fekk bygd i Olden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Turistskipet Boudicca ved cruiseskipskaia som Aslak Lefdal fekk bygd i Olden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nor-Import

i Olden vart grunnlagt i 1987 av eidaren Aslak Lefdal då han kjøpte det fråflytta slakteriet til Nordfjord Kjøtindustri og starta agentur for øl og mineralvatn. Sjå Forretningsfamilien Lefdal.

NorDrikk

– sjå Nor-Import.

Nordfjord Serviceterminal A/S

– sjå Nor-Import.

Nordfjord Havn

– sjå Nor-Import.

LefdalGruppen

– sjå Nor-Import.

Stryn Elektro

installasjonsforretning vart starta i 1988 av Olav Stølen.

Yri Sand AS

maskinentreprenør i Loen vart skipa i 1988 av Svein Yri.

Steffen Lunde

starta bygningsfirma i Stryn i 1989. Firmaet driv også byggevareforretning i ”Sætregården” i Stryn sentrum.

Gåve- og interiørbutikken Fiolen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gåve- og interiørbutikken Fiolen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fiolen

gåve- og interiørbutikk i Stryn vart starta av Astrid Randi Hunvik i 1989. Dei første 14 åra heldt butikken til i Raudebuda, men i 2003 flytta Fiolen inn i større lokale i Myklebusthuset.

Miljøservice AS

vart starta i 1989 av Kristian Sandbakk.

Septik24 AS

- sjå Miljøservice AS.

Sandblåsing A/S

vart starta i Stryn i 1990 av Arve Espelund.

Tectysafe AS

– sjå Sandblåsing A/S.

Haugen Norge AS

vart skipa i Innvik i 1991 av Olav Rune Haugen, og vart omgjort til aksjeselskap i 1996.

Utvik Bygg AS

byggevareforretning i Utvik vart starta i 1991.

Stryn Pukk AS

vart starta i 1991 av Rune Oppheim. Selskapet har i 2014 fem tilsette og tek ut masse i Stryn miljø- og næringspark.

Muri Møbler

møbelbutikk vart starta i Olden i 1993 av Gunnhild Muri. Butikken vart lagd ned i 2003.

Nor Cargo

I 1993 starta Tore Wallestad, Aud Kristin Tøsse og Arne Skrivervik ei avdeling av transportfirmaet Nor Cargo i Stryn. I 2004 vart Nor Cargo kjøpt av Posten Norge, og i 2008 fekk selskapet namnet Bring. Selskapet har i 2010 18 tilsette i Stryn.

Bring

- sjå Nor Cargo.

Byggmakker Sølvberg

- sjå Andreas E. Sølvberg.

Sjøbua Mat og Kafé held til i tidlegare Utvik Fruktlager. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjøbua Mat og Kafé held til i tidlegare Utvik Fruktlager. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjøbua Mat AS

daglegvarehandel i Utvik vart skipa i 1997 av Bente Skrede og Anne Kristin Aaland. Sistnemnde tok over drifta åleine i 2007. Butikken held til i det tidlegare Utvik fruktlager, og same bygget husar også den dugnadsstyrte Kafé Sjøatunet.

Vinmonpolutsalet i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vinmonpolutsalet i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Helikopter Utleie AS

vart skipa i 2001 av Lars Kveen.

Fjord Helikopter

- sjå Helikopter Utleie AS.

Vinmonopolet

Stryn fekk Vinmonopol i 2002.

Stryn Amfi

er eit kjøpesenter som vart bygd i Stryn sentrum i 2003. Kjøpesenteret inneheld 16 butikkar.

Stryn Torg

– sjå Stryn Amfi.

Felleskjøpet held til i ein bygning som tidlegare var lager og vaskehall for meieriet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Felleskjøpet held til i ein bygning som tidlegare var lager og vaskehall for meieriet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Felleskjøpet Agri

opna avdeling i Stryn i 2003 i det tidlegare lageret og vaskehallen på nedlagde Stryn Meieri.

Toyota Nordfjord avd. Stryn på Tonningsleirane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Toyota Nordfjord avd. Stryn på Tonningsleirane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Toyota Nordfjord avd. Stryn

- sjå Toyota Nordfjord AS i Vågsøy..

Moods of Norway AS

vart skipa i Stryn i 2003 av moteskaparen Simen Staalnacke og Peder Børresen.

Klesdesignet til Moods of Norway har vekt interesse også hjå dei kongelege. Då kronprinsparet var i Stryn i 2007 helsa dei på Simen Staalnacke og Peder Børresen. Foto: Øyvind Torvund, NRK.

Klesdesignet til Moods of Norway har vekt interesse også hjå dei kongelege. Då kronprinsparet var i Stryn i 2007 helsa dei på Simen Staalnacke og Peder Børresen. Foto: Øyvind Torvund, NRK.

North Atlantic Boats AS

på Visnes i Stryn vart skipa i 2005 av Hans Markus Ulvedal.

Fjord Inkubator

vart opna i Stryn i 2006. Fjord Inkubator (d.e. «rugekasse») er eit felles tiltakskontor for fleire lokale tiltakskontor og næringshagar i Sogn og Fjordane, og skal hjelpe fram nye forretningsidear.

A-Vista

interiørbutikk i Stryn vart starta av Inger Langvik og Marit Sandnes Skrede i 2006. Verksemda driv også prosjektering, sal og oppføring av bustad- og fritidshus.

Farmhouse

designsenter opna i Stryn i 2006. Forutan designoppdrag for næringslivet tek verksemda imot designelevar for praksis og opplæring.

Nordfjord Trafikk

trafikkskule vart opna i Stryn i 2009 av Odd Atle Skarstein.

Europris

opna butikk på Vikaleirane i Stryn i 2011.

XL-Bygg Sølvberg

- sjå Andreas E. Sølvberg.

Droneservice AS

vart starta i 2012 av Hans Olav Bøe og Arne Hjelle Strand. Dei har investert i ei drone (eit lite fjernstyrt helikopter) med fotoutstyr som m.a. kan brukast til å filme kraftlinjer.

Arne Hjelle Strand i Droneservice AS styrer drona. Foto: Ole Anton Brekke.

Arne Hjelle Strand i Droneservice AS styrer drona. Foto: Ole Anton Brekke.

Rosetmarka AS

vart starta i 2012 med Bjørn Roset som dagleg leiar. Firmaet skal drive med regulering, prosjektering, oppføring og sal av hyttetomter og hytter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015