Hopp til innhold
X
Innhald

Indvigen Præstegjelds Brandselskab

Innvik var ein av dei første stadene i fylket med branntrygdelag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Innvik var ein av dei første stadene i fylket med branntrygdelag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Faksimile av revisjonsprotokollen til Indvigen Præstegjelds Brandselskab. Der kan vi m.a. lese at oppkrevningsmand Ole O. Svarstad hadde rekna feil og teke to øre for lite. Frå boka ”Folket si brannforsikring”.

Faksimile av revisjonsprotokollen til Indvigen Præstegjelds Brandselskab. Der kan vi m.a. lese at oppkrevningsmand Ole O. Svarstad hadde rekna feil og teke to øre for lite. Frå boka ”Folket si brannforsikring”.

Indvigen Præstegjelds Brandselskab vart skipa i 1874 som eitt av dei første branntrygdelaga i Sogn og Fjordane. Det første var branntrygdelaget for Eid og Stårheim, skipa i 1873. Bonde, jekteskippar og fiskar Johan S. C. Langved (1829-1911) stod sentralt i skipinga av laget og var styreformann frå starten og heilt fram til 1909.

Indvigen Præstegjelds Brandselskab, som seinare bytte namn til Innvik Branntrygdelag, var eitt av dei få branntrygdelaga i fylket som dreiv stor aktivitet også utanfor heimekommunen, både i indre Nordfjord og på kysten.

Kring tredjeparten av medlemene, 160 stykker, kom frå Stryn kommune. Innvik Branntrygdelag hadde eigne takstkrinsar både i Oppstryn, på Tonning og i Loen. Men då Stryn skipa eige branntrygdelag i 1899, gjekk mellom 130 og 140 stryningar over til strynelaget. Før breimingane skipa eige branntrygdelag i 1922 hadde Innvik Branntrygdelag også ein stor del av brannforsikringa i Breim.

Men laget i Innvik skulle etter kvart femne langt ut over indre Nordfjord: Jekteskipper og lagsformann Langved hadde også ei fiskebu på Liset i Bremanger, og innvikarane hadde eigne rorbuer kring Kalvåg. Dette kan vere noko av forklaringa på at Indvigen Præstegjelds Brandselskap fekk mange medlemer ute på kysten. På det meste hadde Innvik Branntrygdelag skipa fem krinsar i Bremanger kommune: Kalvåg, Gulefjordane, Oldersund, Bremangerpollen og Botnane. Også i Kinn kommune var det folk som teikna brannforsikring i laget i Innvik. Laget hadde også eigne takstkrinsar og medlemer på Nordfjordeid, og i Jølster to krinsar.

Heimekommunen Innvik vart delt inn i 16 ”branntakstkrinsar”. Dette samsvarte nokolunde med dei 15 skulekrinsane som den gongen fanst i gamle Innvik kommune. I tillegg til brannforsikring, dreiv også laget med pengeutlån. Men sjølv om dei baud halvannan prosent lågare rente enn den lokale sparebanken, så fekk ikkje utlånsverksemda noko stort omfang. Frå 1932 hadde branntrygdelaget også tilsett eigen feiar som ei rådebot mot dei farlege pipebrannane som var årsak til mange branntragediar i gamle dagar. Branntrygdelaget gav også store tilskot til ein brannstasjon som vart bygd på Skarstein i Olden like etter krigen.

Dei fire branntrygdelaga i indre Nordfjord; Stryn, Innvik og Gloppen, slo seg saman til Indre Nordfjord Branntrygdelag i 1974. I 1986 gjekk dette og dei andre regionlaga saman i Gjensidige Sogn og Fjordane med hovudkontor i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.03.2011