Hopp til innhold
X
Innhald

Ingebrigt Beinnes

Ingebrigt Beinnes var mellom lærarane som vart sende til Kirkenes.

Ingebrigt Beinnes var mellom lærarane som vart sende til Kirkenes.

Ingebrigt Beinnes (1885-1971) frå Olden. Lærar, organisasjonsmann og kunstmålar.

Eksamen frå Volda lærarskule 1906. Kunstutdanning frå Kunstindistriskolen i Oslo. Lærar ved Eide skule i Olden 1907-1951.

Fråhaldsmann

La ned eit stort arbeid i fråhaldsrørsla, m.a. som fylkesformann i DNT i mange år, og seinare som riksinstruktør for Norges Læraravholdslag og Statens Edruelighetsråd. Medlem av Innvik kommunestyre og formannskap i fleire bolkar, m.a. som varaordførar.

Kunstmålar

Deltok som kunstmålar i fleire kollektivutstillingar, og fekk m.a. utsmykkingsoppdrag ved Nordfjord Folkehøgskule på Vereide. Tildelt Norges Røde Kors si høgste utmerking i 1935, Klostermedalsjen i 1935 og Kongens fortenestemedalje i gull i 1955.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.03.2011