Hopp til innhold
X
Innhald

Inger Anne Frøysedal

Inger Anne Frøysedal. Foto: Thore-Erik Thoresen, NFIF.

Inger Anne Frøysedal. Foto: Thore-Erik Thoresen, NFIF.

Inger Anne Frøysedal fødd 1989. Friidrettsutøvar. Frå Oppstryn, busett i Oslo der ho representerer Tjalve IK. Trestegshoppar og veterinærstudent. Ho tok sølv i junior-NM i tresteg i 2008 og vart seniornoregsmeister i same øving i 2009.

I innandørs-NM i 2010 tok ho gull i tresteg og sølv i lengde. Same året sette ho norsk juniorrekord i tresteg med 13,63. Med det kvalifiserte ho seg til EM i friidrett for seniorar i Barcelona. Der vart ho nummer 22 med 13,51. I utandørs-NM 2010 tok ho gull i tresteg. Det same gjorde ho i innandøs-NM i 2011.

I 2011 kvalifiserte ho seg til EM i friidrett innandørs i Paris. Der vart ho nummer 19. I NM på Byrkjelo same året tok ho gull i tresteg og sølv i lengde. I innandøs-NM i 2012 tok ho gull i tresteg, sølv i lengde utan tilløp og bronse i lengde. I utandørs-NM 2012 tok ho gullmedalje i tresteg. Det same gjorde ho i NM i friidrett i 2013 og 2014.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016