Hopp til innhold
X
Innhald

Innfjordingar på fiske

Fiskarbua som innfjordingane hadde på Geitholmen ved Kalvåg.

Fiskarbua som innfjordingane hadde på Geitholmen ved Kalvåg.

Fiskarbua på Geitholmen ved Kalvåg vitnar om den tida då også innfjordingane rodde fiske på kysten.

Bua på Geitholmen vart reist midt på 1800-talet av eit rorslag frå Innvik, og er restaurert og teken vare på som kulturminne (sjå «Fiskeværet Kalvåg»).

Frå Stryn kom også Jon Skaar sr., som grunnla Skaar & Co. – eit av dei største fiskefirma i Måløy. I Måløy bygde også Verlo-brørne frå Utvik opp Verlo-slippen (sjå Moldøen mek. Verksted).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011