Hopp til innhold
X
Innhald

Innvik fekk første skulehuset

Innvik skule, bygd i 1957. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Innvik skule, bygd i 1957. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Langved (Langvin) krins i Innvik fekk fastskule i 1834 då sokneprest Cammermeyer og kapellanane i Innvik i fellesskap kjøpte eit hus på Klokkarbakken og gav det som skulehus til bygda. Dette huset står enno. I 1846 vart det bygd ny skule i Innvik. Dette skulehuset vart flytta til Nordfjord Folkemuséum i 1986.

I 1861 vart Innvik delt i Langved og Lyslo krinsar, og begge fekk sklulehus i 1863. I 1875 brann skulehuset på Langved, men det vart sett i stand att.

I 1890 vart dei to Innvik-krinsane slegne saman att. Samstundes vart gardane Frøholm, Agjeld og Holen skilde ut som Holen krins. I hovudkrinsen Innvik vart det lokaliseringskamp, og ei nøytral nemn med flest ”nordsidefolk” avgjorde at det nye Innvik skulehus skulle liggje på Labakken på Skåden. Huset stod ferdig i 1896. I 1957 vart det bygt ny skule, og dette fekk tilbygg i 1986.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2010