Hopp til innhold
X
Innhald

Innvik Hagebrukslag

Innvik Fruktlager. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Innvik Fruktlager. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Innvik Hagebrukslag bygde fruktpakkelager med kjølerom i 1952. Laget hadde då 192 medlemer, fordelt på 79 i Utvik, 76 i Innvik og 44 i Olden.

Ei tid var fruktlageret i Innvik eigd av Gartnerhallen, men i 1998 kjøpte produsentane av hagebruksvarer i Stryn og Eid anlegget og skipa PL Innvik Fruktlager.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.01.2010