Hopp til innhold
X
Innhald

Innvik-presten kjøpte av Munkeliv-godset

Munkeliv kloster ved Bergen slo utover seinmellomalderen under seg enorme jordeigedomar på Vestlandet. Berre i Nordfjord eigde klosteret over 20 gardar – ofte dei største i bygda.

Ein av desse var Hilde-garden i Innvik. Ved reformasjonen i 1536 vart alt kyrkje- og klostergods kversett av danskekongen og lagt under kruna. I 1660 vart Hilde-garden selt til Innvik-presten Absalon Jørgenson Beyer. Enkja etter han slo seg ned i Hildeøyane, der hustuftene framleis skal vere synlege.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.11.2008