Hopp til innhold
X
Innhald

Innvik Samyrkelag

Innvik Samyrkelag heldt til i dette huset fram til 1990. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Innvik Samyrkelag heldt til i dette huset fram til 1990. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Innvik Samyrkelag vart skipa i 1946 og opna forretninga i 1947. Laget fekk etter kort tid 84 medlemer. Etter at Gloppen Handelslag hadde drive samvirkelaget i Innvik som filial i nokre år, overtok stryningen Johan Flo forretninga i 1989.

Året etter flytta han butikken over i ”Vagstadbygget” som Bjørn Vagstad hadde bygd for å drive daglegvarehandel og bensinstasjon.

I 2005 overtok ICA-kjeda daglegvarehandelen i Vagstadbygget.

Vagstadbygget med ICA-butikk og bensinstasjon i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vagstadbygget med ICA-butikk og bensinstasjon i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.02.2010