Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Ivarson Hilde

Jens Ivarson Hilde (1873–1950) frå Innvik. Smed og Arbeidarparti-politikar.

Skipa Innvik Arbeidarlag i 1909, og var medlem av kommunestyret i mange år. Vararepresentant på Stortinget 1928-1930.

Hilde var ført opp på andreplass etter vegarbeidar Gunnar Andersson Bolset frå Sandane då Sosialistane i 1909 for første gong stilte liste ved stortingsval i Sogn og Fjordane. Desse karane hadde møtt kvarandre på veganlegg og på Bergensbaneanlegget, og tok med seg sine radikale haldningar heim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.03.2011