Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Isehaug

Isehaugs Kafeteria. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Isehaugs Kafeteria. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johan Isehaug starta kafé eige bygg i Stryn sentrum i 1954. Han hadde før det drive ein kiosk.

Ei tid dreiv Isehaug også ein slaktarbutikk i eit lokale i same bygget som kaféen saman med Bernhard Auflem.

Den største utvidinga av Isehaug Kafeteria-Johans Pub vart gjort i 1984, og sidan har m.a. den store uteterrassen fått overbygg.

Verksemda er den største serveringsstaden av dette slaget i Stryn sentrum og sysselset 19 årsverk. Sonen til Johan Isehaug, Jens Arne Isehaug er dagleg leiar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.02.2010