Hopp til innhold
X
Innhald

Johanne Samuline Pedersen

Johanne Samuline Pedersen (1887–1961) frå Blakset, busett i Brandval. Jordmor og Arbeidarparti-politikar.

Jordmorskule-eksamen 1911. I USA frå 1905 til 1907 og 1915–1916. Arbeidde frå 1918 til 1956 som distriktsjordmor i Brandval. Var kommunestyremedlem i Brandval 1934–1951 med unntak av krigsåra. Formann i Den norske jordmorforening 1947–1951. Vararepresentant på Stortinget for Hedmark 1937-1945, og repr. frå same fylke 1946-1953. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2009