Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Bratt Andenæs

Johannes Bratt Andenæs (1912-2003) frå Innvik, busett i Bærum. Jussprofessor.

Johannes Bratt Andenæs (1912-2003) frå Innvik, busett i Bærum. Jussprofessor.

Andenæs flytta saman med familien frå Innvik – der faren Mads Olson Andenæs var sokneprest – til Bærum i 1925. Han tok juridisk embetseksamen 1935. Deretter var han dommarfullmektig i Moss og Harstad, han hadde studieopphald i Tyskland, frankrike, England og Sverige.

Arrestert av tyskarane

I 1939 vart han universitetsstipendiat ved Universitetet i Oslo. Han søkte eit dosentur mi 1940 og eit professorat i 1942, men dei nazistiske styresmaktene nekta han tilsetting. I 1943 vart han dr. juris på av handlinga ”Straffbar unnlatelse”. Hausten 1943 vart han arrestert av tyskarane og sat som fange til desember 1944. Etter frigjeringa vart Andenæs professor i rettsvitskap 1945.

Sentral i rettsoppgjeret

Andenæs stod sentralt i det norske rettsoppgjeret mot landssvikarar etter 2. verdskrig, og han skreiv boka "Det vanskelige oppgjøret. Rettsoppgjøret etter okkupasjonen.” (1979). I tillegg var han forfattar av 10 bøker innan fagfeltet sitt, fleire av dei omsette til framande språk.

Rektor og dommar

Andenæs er rekna som den fremste norske juristen i Noreg i etterkrigstida. Han var rektor ved Universitetet i Oslo 1970-1972. Han var i fleire periodar konstituert dommar i Høgsterett, og i perioden 1958-1961 var han vararepresentant til stortinget for Venstre.

Bror til Olaf Andenæs, Erling Andenæs og Tønnes Andenæs. Jusprofessor Mads Henry Andenæs (f.1940) ved UiO er sonen til Johannes Bratt Andenæs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.08.2012