Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Rosenlid

Jon Rosenlid (1891-1974) frå Fjelli. Meisterspelemann og slåttekomponist.

Jon Rosenlid (1891-1974) frå Fjelli. Meisterspelemann og slåttekomponist.

Han gjekk 15 år gamal i spelelære hjå Gabriel Reed på Breim, og lærde også mykje av Jens K. Maurseth og Magne G. Maurset og seinare av Ivar Kjellstad. Spela mykje saman med Samuel Bergset (sjå Kjende personar i Stryn fødde år 1875-1900).

Rosenlid flytta i 1907 til Bergen, og turnerte som slåttespelar i Noreg og i USA. Han komponerte sjølv ei mengd slåttar, og deltok i radioprogram med folkemusikk så tidleg som 1934. I Bergen starta han spelemannslaget Fjellbekken i 1929 saman med Nils Furnes og Halvor Sørsdal.

Tildelt Kongens Fortenstemedalje i gull 1965, og var m.a. æresmedlen i Landslaget for spelemenn og ungdomslaget ”Ervingen” i Bergen (1965).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.03.2011