Hopp til innhold
X
Innhald

Kloumanstårnet

Skålatårnet i vintermundur. Foto: Erik Brendefur.

Skålatårnet i vintermundur. Foto: Erik Brendefur.

Distriktslege Hans Henrik Gerhard Klouman var distriktslege i Indre Nordfjord 1885-1891. Han tok initiativet til bygging av ”Kloumanstårnet” på toppen av fjellet Skåla (1848 m.o.h.) ved Loen i 1891. Sjølve bygginga var det bøndene og innbyggjarane i Loen som stod for, med Helge Loen som ei drivande kraft.

For fjellturistar

Tårnet var bygt for overnatting. Bygginga vart m.a. finansiert ved basar i Stryn og gåver frå Den Norske Turistforening (DNT) og Bergen Turlag.

For fjellturistar

Tårnet var tenkt til overnatting for fjellturistar. I bøker og skrifter som er forfatta i seinare tid vert det hevda at Klouman også hadde tenkt at tårnet kunne nyttast ved behandling av turberkuløse. Såkalla ”kuring” – d.v.s. opphald i frisk fjelluft eller i ”reinsande” barskog, vart rekna som god behandling av denne sjukdomen før moderne operasjonsmetodar med blåsing (punktering av sjuk lunge) kom i alminneleg bruk. Men i ein artikkel i «Årsskrift for Stryn historielag» i 2012 avviser Ove Eide denne påstanden. Klouman var ein ivrig friluftsmann, og han hadde tru på at fjellturar var bra for folkehelsa, men i artikkelen sin skriv Ove Lidvar Eide at det ikkje er nokon grunn til å tru at tårnet var tenkt som sanatorium: «Påstandane om Skålatårnet som tuberkulosesanatorium set også Klouman i eit underleg lys: Han må i tilfelle vore anten forrykt eller heilt utan dei medisinske kunnskapane samtida hadde om sjukdommen. Noko godt ettermæle får han i alle fall ikkje gjennom desse påstandane om sanatorium på Skåla», skriv Ove Eide.

Kloumanstårnet - også kalla Skålatårnet - vart restaurert til 100-årsjubileet. Vinteren 2003 vart taket på tårnet sterkt skadd i uvêr, men sett i stand att.

Når ein ser Skålatårnet som ein bitte liten knott på toppen av Skåla, 1848 meter over havet, verkar det heilt fantastisk at Kloumann ville sende tuberkulosepasientar opp dit. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Når ein ser Skålatårnet som ein bitte liten knott på toppen av Skåla, 1848 meter over havet, verkar det heilt fantastisk at Kloumann ville sende tuberkulosepasientar opp dit. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skåla og Skålatårnet frå lufta. Foto: Harald Vangberg.

Skåla og Skålatårnet frå lufta. Foto: Harald Vangberg.

Skåla Opp

Frå 2002 har det vore arrangert motbakkeløp - Skåla Opp - frå Tjugen og opp til toppen. I 2010 var det i alt 1730 menneske som tok turen opp dei 1820 høgdemetrane. I startåret brukte Jon Tvedt 1.08.39 opp til tårnet. I 2010 gjorde Jonathan Wyatt turen unna på 1.08.30, men begge tidene vart ståande som rekordar, fordi stien opp til Skåla er vesentleg utbetra sidan 2007. Rekorden til Wyatt vart slegen i 2011, då Ahmet Arslan frå Tyrkia gjorde turen unna på 1.07.38.

Bok om Skåla

I 2011 gav Selja Forlag ut boka ”Skåla – fjellet og folket” forfatta av Inge Fænn og Stig Roger Eide. Boka tek føre seg historia til både Kloumanstårnet og Skåla Opp.

Frå motbakkeløpet Skåla Opp. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Frå motbakkeløpet Skåla Opp. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015