Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Mork

Knut Mork

Knut Mork

Knut Mork (1912-1995) frå Oppstryn. Bonde og politikar. Første ordførar i storkommunen Stryn etter samanslåinga av Hornindal-Stryn og Innvik i 1965. Vervet hadde han til 1971.

I fylkessamanheng er Knut Mork først og fremst kjend som leiar av sjukehusnemnda som fekk gjennomført utbygginga av Førde Sentralsjukehus i Førde. Var m.a. mangeårig rådsformann i Vestlandske Salslag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.03.2008